Styreutvikling, innovasjonsledelse og samfunnsansvar

Eit kompetent og velfungerande styre er vesentleg for utviklinga av verksemda di. I tillegg til å setje retning og strategi for dei ulike delane av verksemda, kan styret bidra med kompetanse og nettverk som har stor verdi for selskapet.

Samtidig er det viktig at styrets medlemmar er klar over det ansvaret og forpliktelsane som følgjer med det å sitje i eit styre.
Kurset skal gi kunnskap om sentrale problemstillingar og teoriar som har betydning for praktisk utøvelse av styreverv. Kurset er relevant for dei som innehar rollar som styreleier, styremedlem eller dagleg leiar.

Sentralt i kurset er forståelsen for sammenhengen mellom bedriftas overorda styringsimpulsar – visjonar / strategiar, bedriftas styringssystem – organisatoriske, juridiske og økonomiske forhold, den praktiske organisering og prosessane i styrerommet.

Handelshøgskolen BI har over fleire år utvikla kurs i styrekompetanse, og står for det faglege innhaldet. Kurset vert leia av Kjetil Hveding og Tore Bråthen, som begge har mange års erfaring med styreverv. Dei er utmerka formidlarar som gjer stoffet relevant og interessant for deltakarane.

Kurset gir 7,5 studiepoeng og går over 5 dagar, fordelt på to samlingar. Innlevering av prosjektoppgåve som eksamen. Kurset for Sogn og Fjordane vert gjennomført i Loen og Førde.

Praktisk informasjon:

1. samling: 27. – 28. februar Alexandra hotel i Loen med førelesar Kjetil Hveding (Oppgi ref «Styrekompetanse Innovasjon Norge» ved bestilling av kost/losji, lunsj er inkl)
2. samling: 9. – 11. april på Scandic Sunnfjord hotel i Førde med førelesar Tore Bråthen (Oppgi ref «Styrekompetanse Innovasjon Norge» ved bestilling av kost/losji, lunsj er inkl)
Pris: Kr 7.500,- i eigendel – ordinær pris kr 16.300,-
Søknadsfrist: 18. januar 2018 – PIN KODE 2018

http://www.innovasjonnorge.no/no/Kontorer-i-Norge/Sogn-og-Fjordane/arrangementer/Kurs-i-styreutvikling-innvoasjonsledelse-og-samfunnsansvar/