Månadens bedrift på hnu.no

Størst i landet på utstyr til husdyrstell

Fakta

Bedrift:

Nessemaskin AS

Oppstartsår:

1983

Bransje:

Sal av reiskap og utstyr for husdyrstell.

Tilsette:

8 fast tilsette. Sesongarbeidarar på våren og hausten.

Driv du eit gardsbruk i Norge er sannsynet stort for at du har handla hos Nessemaskin AS.

Då grensene mellom Balestrand og Høyanger vart justerte ved årsskiftet, og Nessane vart del av Høyanger, fekk kommunen vår fleire suksessfulle verksemder med «på kjøpet». I bygda med omlag 100 innbyggjarar er den samla omsetninga i det lokale næringslivet på i underkant av 200 millionar årleg, og ei av dei lokale bedriftene som kan vise til solid drift over mange år er Nessemaskin AS.

Nessemaskin har sine røter tilbake til landhandelen som Erling Nesse opna i bygda i 1897, og som sonen Kåre etter kvart vart involvert i. På 50-talet starta Kåre med import av slåmaskiner og traktorar, og han fekk til saman ni filialar rundt om i landet som selde slikt utstyr. Etter ein konkurs i Erling Nesse AS vart Nessemaskin starta opp, og tanken den gong var å fortsette med traktorar og slåmaskiner, men slik vart det ikkje.

– Vi har aldri hatt traktorar eller andre større maskiner inne i vårt varesortiment, men vi har eit godt utval i til dømes klippemaskiner. Vår nisje i marknaden har over tid blitt ulike typar utstyr til hussdyrstell og anna ein treng i landbruket, og vi kallar oss gjerne for «bondens supermarked».

Det fortel Kjartan Myrhol, som er oldebarnet til Erling, og som tok over drifta av familieverksemda etter mora Ingunn på slutten av fjoråret. Nessemaskin har gjennom mange års drift blitt eit innarbeida merkenamn i marknaden, og for mange bønder i Norge er verksemda på kaien på Nessane det opplagde valet når «småtteri» til garden skal handlast inn.

– Vi er opptekne av å kunne tilby rask levering og god kundeservice. Det kjem heile tida førespurnadar og spørsmål om produkt, og då er vi rett på ballen for å finne gode løysingar for kundane. Vi har til dømes tatt eit bevisst val om å ikkje ha noko telefonsentralbord der ein må trykke seg igjennom ulike alternativ. Her kjem dei som ringer rett til oss på kontoret, og uansett kven som tek telefonen vil vedkomande vere i stand til å hjelpe. Vi får av og til responsar som «ja, men kan du hjelpe meg med det da?» frå dei som blir overraska over kor rett fram ting er hos oss. Du blir ikkje sett over til nokon andre. Vi fiksar det der og då.

Nettpionerar

Netthandel har vore eit heitt tema dei siste åra, og mange i handelsstanden går for tida igjennom skal/skal ikkje vurderingar knytt til ei satsing på nett. For gjengen på Nessane er dette gamalt nytt. Dei har selt varer på nett sidan 2000, lenge før det fanst nokon ferdigutvikla nettbutikkløysingar.

– Den første nettbutikken vår vart utvikla av ei gruppe studentar i Volda. Alt måtte byggast frå botn av, og dei som gjorde jobben har halde fram med å jobbe med oss også etter at studiane var fullførte, og dei fekk utviklingsarbeid som levebrød. Denne nettbutikken hadde vi ei god stund, men for omlag eitt år sidan gjorde vi ei oppgradering der vi gjekk over til systema WordPress og WooCommerce, som har blitt bransjestandardar.

I dag skjer 60% av sala til Nessemaskin i nettbutikken, og snart ventar lansering av ein eigen app. Myrhol fortel at den digitale satsinga er eit «work in progress».

– Ting tar tid og kostar ein del pengar, særleg når ein har såpass mange varer som det vi har. Med overgangen til ny nettbutikk tok vi samstundes også jobben med å omsette alt informasjons- og marknadsmaterial til nynorsk. Det var mykje arbeid, men det kjennest rett for oss som sognebedrift å skrive på målforma som vi alle nyttar på privaten. Vi har fått tilbakemeldingar frå kundane på at vi blir oppfatta som meir seriøse og personlege når vi nyttar nynorsk, noko som sjølvsagt er kjekt å høyre.

Dei fleste av Nessemaskin sine produkt er spesifikt retta mot landbrukssektoren, men dei fører også til dømes hageutstyr, arbeidskle og jaktartiklar. Nysgjerrig? Sjekk ut nessemaskin.no

Digital framtid?

Myrhol fortel om eit godt kollegialt klima mellom verksemdene på Nessane. I nabobygget på kaia styrer onkelen Erling Nesseplast, som er den største bedrifta i bygda med sine omlag 140 millionar i årleg omsetning.

– Vi spør kvarandre om råd om det er problemstillingar der vi kan ha nytte av kvarandre sin kompetanse. Og så har vi ein praksis der vi delar på sesongarbeidarar etter behov, noko som skapar ein nyttig fleksibilitet.

Til liks med Nesseplast og Kleive Mek & Industriservice, som held til på enden av kaia, er Nessemaskin opptatt av å følgje med i tida og tilpasse seg kundane sine ønskjer og behov.

– Når det oppstår ein etterspørsel etter eit konkret produkt prøver vi å få det inn i sortimentet vårt. Og så følgjer vi med i til dømes Bondebladet og Nasjonen, der vi ser etter trendar og produkt som måtte dukke opp, og som kan vere aktuelle for oss. Frå tid til anna dukkar det og opp produkt som vi sjølv har tru på, og som vi introduserer i den norske marknaden. Slike satsingar kan enten bli suksess eller vise seg å vere av liten interesse. Det kan gjerne ta 5 – 6 år før etterspurnaden byrjar å auke, så ein kan ikkje konkludere for fort.

Myrhol har per i dag ingen store framtidsplanar for Nessemaskin. Målet framover er å halde det same høge nivået på vareutval og kundeservice, men det er ein trend gjengen på Nessane følgjer litt ekstra nøye med på for tida.

– Automatisering og digitalisering har vore på full fart inn i landbruket dei siste åra, og vi har valt å stå utanfor dette segmentet enn så lenge. Produkta vi har satsa på til no er enklare utstyr der ein gjennomfører eit sal, og så er ein ferdig med det. Vi forsøkte for nokre år sidan å tilby litt avanserte digitale vekter, men erfaringa med den satsinga er at ein kan få ein del supporthenvendingar med digitalt utstyr, noko som tek tid og ressursar. Vi har derfor vore noko tilbakehaldne med å satse på denne produktgruppa, men landbruket er i endring med nye og gjerne meir datakyndige generasjonar på veg inn, så vi følgjer med på denne marknaden og vurderer fortløpande om vi skal bli ein del av den.