Månadens bedrift på hnu.no

Stein på stein

Fakta

Bedrift:

Sørsida Sag

Oppstartsår:

1994

Bransje:

Tømrar- og betongarbeid

Tilsette:

7 fast tilsette, inkludert 2 lærlingar

Sjølv om tømrarverksemda Sørsida Sag jobbar mest med tre og betong, legg dei likevel stein på stein.

Du lurar kanskje på kvifor tømrarverksemda Sørsida Sag har ordet sag i namnet sitt? Da er du i så fall ikkje aleine, og svaret ligg 25 år tibake i tid.

– På midten av 90-talet var vi ein gjeng lokale initativtakarar som starta opp eit sagbruk i Ortnevik, og selskapet bak fekk namnet Sørsida Sag. Etter kort tid i drift vart det klart at sagbruket ikkje gav tilstekkeleg inntening, noko som førte til at eg kjøpte ut dei to andre eigarane, og reindyrka verksemda meir mot tradisjonelt bygningsarbeid.

Det fortel Sveinung Leirnes, som er dagleg leiar og eigar av Sørsida Sag. Han har sidan den gong bygd selskapet etter «stein på stein»-modellen, og er no sjef for til saman sju fast tilsette. Auken har ikkje berre kome innan tal tilsette. Oppdragsmengda har og auka jamt og trutt, og marknaden utvida seg med åra.

– Vi jobbar både for private og bedrifter, og har hovudtyngda av oppdraga våre i kommunane Høyanger, Masfjorden og Gulen. I seinare tid har vi vore særleg aktive innan hyttebygging i Stordalen, rehabilitering av demningar for BKK, og med arbeid knytt til oppføringa av Østerbø kraftverk for Skanska. Det er relativt stor breidde i typane oppdrag vi tek på oss, og sånn må det nesten vere ute i distrikta. Vi må vere allsidige, eller så blir marknaden for liten.

God jobb = meir jobb

Kva som er suksessoppskrifta til Sørsida Sag kan sikkert diskuterast, men fokus på godt handverk og solide løysingar har nok spelt ei viktig rolle.

– Vi er opptekne av å skape varige verdiar for folk, og legg mykje yrkesstoltheit i arbeidet. Ein av grunnane til at vi til dømes har tileigna oss god kompetanse innan betongarbeid er så vi kan støype grunnmurane våre sjølve, slik som vi vil ha dei. Da er vi sikre på at resultatet blir etter våre eigne standardar, og at vi kan levere frå oss nybygget vel vitande om at eigaren har fått kvalitet frå topp til botn. Vår erfaring er at om folk er nøgde med arbeidet som er utført, så kjem dei igjen når noko nytt skal gjerast. Pris spelar sjølvsagt ei rolle, men kvalitet er det viktigaste, og mest lønsame på sikt.

Etter 25 år i bransjen har Sørsida Sag også opparbeida seg eit rikt kontaktnett og gode samarbeidspartnarar, noko som gjer det enklare å utføre oppdrag effektivt og med god kvalitetssikring.

– Vi nyttar mellom anna XL-Bygg i Høyanger som fast leverandør av material til prosjekt her i området, og har også ein del andre faste «hoffleverandørar» som vi har jobba godt saman med over mange år. Det er ein bevisst strategi frå vår side. Det at vi er tilstade lokalt og med eit godt kontaktnett hjelper oss og med å få nye oppdrag, til dømes under større utbyggingar der hovudentreprenøren treng mindre verksemder som oss til å utføre delar av jobben. Med all den aktiviteten som har vore og fortsatt er på Høyanger sørside er det klart at det er gode moglegheiter for handverksbedrifter som vår, om ein har eit godt rykte på seg og er i stand til å levere konkurransedyktige vilkår.

Satsar lokalt

Sørsida Sag er ikkje redde for å satse på eigne prosjekt, og har mellom anna ført opp fleire hytter i Stordalen for eiga rekning som har blitt seld på den opne marknaden med godt resultat. No for tida er det eit større bustadsprosjekt på Søreide som er hovudsatsinga.

– Vi er i ferd med å føre opp ein firemannsbustad med leilegheiter for sal og utleige. Næringslivet på sørsida har over lengre tid peika på bustadmangel som krevjande i sitt rekrutteringsarbeid, så dette prosjektet er eit svar på dei signala. Leilegheitene vil vere på 85m2 og vil få ein standard og løysingar som vil gjere det godt å bu i dei for alt frå lokale pensjonistar til unge tilflyttarar på jakt etter jobb. Det blir lyst, lettstelt, og med flott utsikt utover fjorden!

Tidspunktet for ferdigstilling kan ikkje Leirnes slå fast enno, og han fortel at arbeidsinnsatsen som Sørsida Sag vil legge ned i prosjektet framover vil henge saman med om nokon skulle melde si interesse. Leilegheitene kan stå ferdig alt i sommar, om interessentar skulle ønskje det.

Søreide er ei bygd i vekst! Samstundes som at Sørsida Sag bygger leilegheiter har kommunen opparbeida og lagt ut sju tomter for sal. For meir informasjon om tomtene, sjå kvardagstrivsel.no.

Det er ikkje berre på bustadfronten at Leirnes tar aktive grep, og har meingar om kva som skal til for at eige lokalsamfunn skal utvikle seg vidare. Han er også oppteken av føresetnadane næringslivet har for vekst og nyetableringar, og i den samanhengen finst det særleg eit tiltak som han brenn ekstra for.

– Eg trur at eit næringsbygg på Høyanger sørside der etablerarar og mindre verksemder på ein enkel og rimeleg måte kunne leigd kontor, verkstadsareal og liknande ville hatt svært god effekt. Vi treng fleire som vil starte opp med ny næring, og da er gode lokale med rett infrastruktur og kanskje eit lite gründermiljø viktig. Vi har og hatt utfordringar med dårleg telefondekning og manglande breiband i området, men dette er heldigvis i ferd med å betre seg. Både eksisterande verksemder og nyetablerarar treng at forholda ligg så godt til rette som mogleg for effektiv næringsaktivitet, om vi skal kunne utvikle oss vidare.

Sørsida Sag er i ferd med å føre opp ein bustad med 4 leilegheiter på Søreide, eit prosjekt som vil vere med på å betre bustadmangelen i denne delen av kommunen.