Månadens bedrift på hnu.no

Rekordår trass full koronastopp

Fakta

Bedrift:

Oncue Music Productions AS

Oppstartsår:

2013

Bransje:

Hovudsakleg musikkproduksjon, streaming og arrangementsavvikling.

Tilsette:

2

Få bransjar har hatt ein verre bråstopp enn dei som arbeider med arrangement for scener, slik som OnCue. Det ga Kristin Sandal og Stig Aron Kamonen tid til å tenke. Den tenkepausen har dei nytta godt.

Kan det komme noko positivt ut av å bruke dagane som permittert til å sjå på TV og la tankane fly?

For Stig Aron Kamonen gjorde det faktisk det. Han visste jo at han eigentleg var på veg til å bli serviceelektrikar på fly, før rocken kom og tok han. «Eg kan jo reparere og vedlikehalde lydutstyr», var dermed blant dei første tankane som dukka opp.

Med pengar til å investere i verkstadutstyr på plass, var dermed det første nye tilbodet frå OnCue klart: Service og reparasjonar av forsterkarutstyrt – gjerne klassiske røyrforserkarer – og service på profesjonelt sceneutstyr.

– Når ting er stengt ned, er det jo ei god tid for å få gjort oppgraderingar og vedlikehald, sier Kamonen.

Skal tilbake!

Kristin Sandal, som er prosjektleiar og jobbar i administrasjonen for ulike arrangørar, hadde heldigvis fleire engasjement der oppdragsgivarane har klart å bruke den krevjande tida konstruktivt.

– Eg synest til dømes både Malakoff og Norsk Contrytreff har vore flinke til å jobbe med alternative planar, og dei har klart å halde på meg til gjennomføring av desse og mellom anna skrive søknadar og rapporteringar. Dette er jo arrangement som skal tilbake, og da gjeld det å vere budd for det. I tillegg har Malakoff lagt om til heilårsdrift på Gymmen Scene og Studio på Eid, noko som og har vore positivt i denne perioden, seier Sandal.

At også Malakoff 2020 blei organisert som «Malakoff Live Laga – der du bur», er også eit teikn på den nyskapinga krisa i kulturlivet har gitt – å ta med festivalen til åtte mindre konsertar der folk bur, kontra samle dei i større folkemengder på Eid.

Stig Aron i lydteltet under Malakoff Rockfestival sin koronavennlege «Liv Laga»-turne i 2020

Digitale arrangement er god butikk

Allereie i digitalproduksjonane av 1. og 17. mai 2020 i Høyanger og i Sunnfjord, var OnCue ein sentral aktør. Og etterspurnaden etter digitale arrangement tok seg sterkt opp utover i 2020:

– For vår del var digital «Kapitaldag» i regi av Innovasjon Norge ein viktig inngang til denne typen arrangement for næringslivet. Den opna dører for oss til dømes til streaming av ein stor helsekonferanse i Helse Vest, seier Sandal.

Kamonen, som i hovudsak til no hadde jobba med kulturarrangement, fortel om at næringslivet har ei litt anna tilnærming når dei bestiller tenester:

– Dei vil ha fullservice, og er opptekne av kvalitet heile vegen. Dette gjer også at det er meir pengar i desse jobbane.

Gode resultat i 2020

Høyanger-verksemda har dermed klart å levere gode resultat i 2020. Rekneskapstala er ikkje heilt ferdige, men vi snakkar om overskot i 100 000-kroners klassen.

Kamonen trekk fram nettopp lokaliseringa som ein fordel i denne krevjande tida.

– For kollegaene mine i Oslo har jo korona vore heilsvart, og mange har bukka under. Vi har trass alt klart å omstille oss, og til og med etablert «distriktskontor» på Byrkjelo, seier han.

Det gir firmaet eit betre utgangspunkt for å dekke heile Sogn og Fjordane, men Sandal og Kamonen forsikrar likevel om at basen til OnCue er og blir i industribygda.

2021? Framleis i overkant spanande!

Korleis moglegheitene for kulturarrangement blir utover i 2021, er i skrivande stund alt anna enn sikkert. Nettopp denne uvissa er nok det som er mest krevjande å takle for verksemder som OnCue.

Kristin Sandal får seg derfor ikkje til å seie noko positivt om korona, men trekk likevel fram nyttig lærdom frå den tida dei har vore gjennom:

– Denne perioden har fått oss til å tenke på økonomi på ein meir inngåande måte enn tidlegare. Det har også vore ein nyttig prosess å bruke tid på spørsmålet: «Kva kan vi tilby?» Med dei erfaringane vi har gjort oss, meiner eg faktisk at vi kjem til å komme styrka ut av denne perioden. Vi er mindre avhengige av dei sesongbaserte festivalinntektene no.