Potensiale i eit nøtteskall

Butikklokale med fleire hundre tusen bilar passerande kvart år like utanfor inngangsdøra er ikkje kvardagskost her omkring, men det har «Vikenbygget» i Vadheim. Lokala har stått tomme sidan Chr. Vik vart lagt ned i 2007, etter over hundre år med butikkdrift, men no ønskjer Harald Høisæther og eigar Knut Hordvik å gjenreise den gamle handelsinstitusjonen i ei framtidsretta utgåve.

– Vi ser for oss ein moderne landhandel der ein kan få servert mat og drikke, og handle spesielle produkt som kortreist mat. Enkelt og greit ein serveringsstad og ein samlingsstad for både tilreisande og fastbuande.

Bergensarane Høisæther og Hordvik er travelt opptatt med sitt i nabofylket, og er derfor på jakt etter den rette personen som kan bygge opp og drifte den nye landhandelen.

– Ein stad og eit konsept som dette krev den rette typen. Du må har stor ståpåvilje, vere strukturert, evne å tenke kreativt, og vere flink til å bygge nettverk. Om du har desse eigenskapane er moglegheitene enorme. Det er få lokale med meir potensiale enn desse, slik vi ser det.

Høisæther og Hordvik peikar på at Vadheim er eit trafikknutepunkt, og at «Vikenbygget» ligg svært sentralt plassert både med tanke på gjennomgangs- og kollektivtrafikk.

– Her har du ei flott vindusrekke rett ut mot alt av bilar, lastebilar og bussar som køyrer forbi. Om ein får det rette konseptet på plass er det ingen tvil om at mange vil stoppe opp, og kanskje også køyre eins ærend hit for å handle eller ete god mat.

Interessert? Ta kontakt med oss i HNU om du ønskjer å vite meir, eller for å få kontaktinformasjonen til Høisæther og Hordvik.

• Lokala i «Vikenbygget» er på 600m2 og har rikeleg med lager- og frysekapasitet tilgjengeleg.
• Det er eit husvære tilgjengeleg i 2. etasje som kan vere disponibelt for ein framtidig drivar.
Ytre Sogn hadde fredag 8. mars eit oppslag omhandlande planane til Høisæther og Hordvik for «Vikenbygget». Les gjerne saka i avisa for meir informasjon om prosjektet.