«Penthouse» i sentrum

Mange i Høyanger har eit forhold til huset i Storgata 33, som no har stått tomt i mange år. Det ønskjer det nystarta selskapet med det passande namnet Storgata 33 AS å gjere noko med. Etter oppkjøpet av eigendomen i sommar har dei starta eit storstilt renoveringsprosjekt, og bak selskapet finn vi O D Bygg med Ove Dyrdal i spissen, og bergensaren Eivind Simonsen. Dyrdal fortel at husværa vil få eit areal på 47 til 98 kvadrat, og med unntak av eitt vil dei ha minst to soverom kvar.

– Dette vil bli husvære som vil passe alt frå eldre som i dag bur i meir tungvinte einebustadar, til ungdom som har lyst til å bu midt i sentrum. Dei øvste leilegheitene vil gå over to etasjar, så det blir ganske spektakulært. Vi kan til og med skryte av litt fjordutsikt!

Dyrdal innrømmer at det er eit risikoprosjekt å satse på oppussing og sal av heile seks leilegheiter i Høyanger, men han har tru på at marknaden er til stade.

– Det er langt rimelegare for oss å renovere dette huset enn å sette opp eit nybygg, og det er mange kvalitetar ved staden huset ligg på som vi trur vil gjere husværa attraktive. Det ligg midt mellom butikkane i sentrum og idretts- og skuleanlegget, så det er nok plassert på ein stad som kan gjere kvardagen litt lettare for mange. Folk treng ein plass å bu, så kvifor ikkje her?

Renoveringa er planlagt ferdigstilt til våren, og innan den tid håper Dyrdal å ha solgt fleire av leilegheitene. Aller helst ser han at alle seks har skifta eigar, og han lovar at dei som er kjapt ute med eit kjøp kan få eit ord med i laget om korleis husværa skal pussast opp.

Bustadoptimisme i kommunen?

Det har vore fleire profilerte bustadprosjekt i kommunen i seinare tid, mellom anna på Kyrkjebø, i Ortnevik, i Lavik og på Søreide. Nokre av desse prosjekta er godt i gang med å bli realiserte, og husværa i Storgata 33 føyer seg inn i rekka av nye/nyoppussa bustadar som vil kome på marknaden i nær framtid. Næringssjef Terje Søreide gir honnør til dei som ønskjer å bygge, og som vil gjere Høyanger til ein meir attraktiv kommune å bu i.

– HNU har definert «Bu i Høyanger» som eit av hovudsatsingsområda i verdiskapingsplanen fram til 2020, og vi har ein aktiv strategi på dette området. Men det er til sjuande og sist marknaden som bestemmer, så det blir spanande å følgje responsen på prosjektet i Storgata 33.

Søreide viser også til kommunen sitt nylige kjøp av areal i Ikjefjord, til utvikling av nye bustadtomter der. Det er naudsynt med ulike bualternativ i Høyanger, både med tanke på husværetype og geografisk plassering.

– Vi ønskjer mange bualternativ og eit variert tilbod, og har eit mål om å kunne bidra og legge til rette for dei som ser moglegheiter, og tør å sette spaden i jorda.

Storgata 33 i Høyanger sentrum er i ferd med å få eit betydeleg løft og vil etter renovering romme seks leilegheiter.