Månadens bedrift på hnu.no

OnCue hevar kvaliteten

Fakta

Bedrift:

OnCue

Oppstartsår:

2013

Bransje:

Lyd- og lysproduksjon, event/arrangementproduksjon, musikkinnspeling, kurs og sal av ulike lyd- og lysprodukt.

Tilsette:

Ein fast tilsett i full stilling (Stig Aron Kamonen), og tre som arbeider med konkrete prosjekt og produksjonar (Bjarte Johansen, Bjørn Randal og Kristin Sandal).

 

Dagleg leiar Stig Aron Kamonen og resten av gjengen i OnCue har hatt det travelt dei fem åra høyangerverksemda har eksistert. Etter ein start der lydproduksjon stod sentralt har fokus dei seinare åra skifta meir mot komplette arrangementsproduksjonar. Det har gitt gode resultat, og fleire profilerte jobbar.

– Vi ønskjer ikkje å vere eit firma som primært leverer lyd til pubkonsertar, sjølv om vi gjer det også. Vi vil vere eit konsulentselskap som kan hjelpe kulturnæringa og andre med gjennomføring av større produksjonar og arrangement, og på det området føler eg at vi er i ferd med å opparbeide oss eit godt omdøme. Produksjonar som Julelutt i 2015, 100-års jubileet til industristaden Høyanger og fylkesmønstringane til UKM har i så måte vore viktige for oss.

Eit tannhjul som har kome inn i OnCue-maskineriet i løpet av dei siste åra er Kristin Sandal frå Gloppen, som Stig Aron og dei andre har samarbeida med gjennom fleire prosjekt.

– Kristin har erfaring med gjennomføring av alt frå TV-aksjonen til UKM og countryfestivalar, og er særs dyktig i produsentrolla. Sjølv har Bjarte, Bjørn og eg lang erfaring med den tekniske gjennomføringa av lyd- og lysproduksjonar, og denne kombinasjonen av kompetanse har vist seg gull verdt for oss. Med Kristin på laget har vi vore i stand til å ta på oss oppdrag som vi elles ville hatt vanskar med å gjennomføre, og dette sporet med å kunne tilby totalproduksjonar er noko vi ønskjer å vidareutvikle i tida som kjem.

Det er kompetanse som er hovudproduktet vårt, ikkje lyd eller lys.Stig Aron Kamonen

Positive haldningar

Sjølv om OnCue held til i Høyanger er arbeidsstaden til Stig Aron gjerne langt utanfor kommunegrensene. Han er vant med å reise land og strand rundt som lydteknikar og stage manager på festivalar og konsertar.

– Reint praktisk kunne vi vore lokalisert kor som helst, men vi er nok meir synlege her enn vi ville vore til dømes i ein storby. Det er lettare å få ting til når ein ikkje druknar i mengda, og vi opplever at både offentlege og private aktørar i Høyanger er veldig lydhøre når vi har idéar. Folk har tru på det vi presenterer, og tør å ta sjansar. Det er positive haldningar rundt oss, og vi får sjeldan nei til svar. Og om vi får det pleier vi berre å presse litt på, så blir det stort sett eit ja til slutt likevel…

Men sjølv om Stig Aron ser fordelar med å vere næringsdrivande akkurat i Høyanger, ser han og forbetringspotensial.

– Eg har gjennom styreverv og arbeid elles ganske tett kontakt med næringslivet i Ålesund, og eg opplever at det er meir kontakt mellom dei ulike bransjane og næringsaktørane der oppe enn det er her. Aktørar som HNU bør skape samlingspunkt og arenaer der folk kan møtes, for nettverksbygging er viktig. Jo fleire ein kjenner, jo lettare er det ofte å få ting til, eller plukke opp idéar og lærdom frå andre.

Eg meiner at vi har klart å løfte kvaliteten på ein del arrangement, som til dømes UKM.Stig Aron Kamonen

Vil gjere andre betre

Som eit kompetanseselskap er det viktig for OnCue å alltid halde høg standard på eige arbeid. Det er ryktet dei lev av, og om kundane trur dei kan få betre tenester hos andre kan den gode trenden fort snu.

– Vi må prestere, gjere jobben skikkelig, halde oss oppdatert på kva som skjer i marknaden, og ta kundane på alvor. Om vi byrjar å ta lett på jobben mister vi raskt omdømet vi har brukt fem år på å bygge opp.

Profesjonalitet er eit viktig stikkord for Stig Aron, både internt i OnCue, men også med tanke på bransjen som heilskap.

– Kulturnæringa har av ein eller anna grunn vore prega av ein del cowboymentalitet opp igjennom med arrangement, konsertar og festivalar som har gått over stokk og stein grunna manglande kompetanse hos arrangørane. Dette har heldigvis betra seg dei siste ti åra, og vi ønskjer å ta vår del av ansvaret med å profesjonalisere bransjen. I vår var eg med på å gi ut boka «Håndbok i teknisk festivalproduksjon» saman med Asbjørn Ebbesvik. OnCue har og vore med på å fastsette «Norsk standard for akustikk i musikklokaler», som skal sikre god lyd i øvingsrom i landet, og vi held jamleg kurs og workshopar i inn- og utland. Det å kunne bidra med vår kompetanse til det felles beste for bransjen er viktig for oss.

Også lokalt har OnCue arbeida og arbeider med prosjekt som kan styrke kulturnæringa.

– Vi har noko spanande på gong, men det er enno på eit såpass tidlig stadie at vi ikkje kan sei noko konkret. Vi har takka nei til gjennomføring av større produksjonar framover for å frigjere tid til å arbeide med dette prosjektet, så dette er noko vi verkeleg ønskjer å konkretisere og satse på. Men enn så lenge forgår arbeidet i kulissane.

Vegen har vore lang, men samstundes kort. Eg synst vi har fått til mykje på kort tid.Stig Aron Kamonen