Nytt styre i HNU

Tysdag 9. september og onsdag 10. september var det nye styret i Høyanger Næringsutvikling AS samla til styreseminar og styremøte på Lavik Fjord Hotell. Tilstades var og administrasjon i HNU, Harald Husabø frå BDO, og rådmann Kjellaug Brekkhus i Høyanger kommune.

Nytt styre i Høyanger Næringsutvikling er:
Styreleiar: Petter Sortland
Nestleiar: May Britt Torsnes
Medlem: Arne Martin Kjærland
Medlem: Hroar Holm Carlsen
Medlem: Steinar Holen
Medlem: Ann Elisabeth Lavik Akse
Medlem: Ruth Dyrhovden
Vara: Kristin Myren
Vara: Ståle Walsvik

Det førre styret vedtok at det skal vere to faste stillingar i HNU. Birgitta Hagen Kyrkjebø som har vore i eit engasjement i HNU i tre år vart tilbydd stillinga, og starta i fast stilling 1. septemeber.

Kommunestyret i Høyanger gjorde 18. juni vedtak om framtidig organisering av nærings- og tiltaksarbeidet. Hovudtrekka er at Høyanger Næringsutvikling AS held fram med same føremål som ligg i firmaattesten i dag.

Revidering av verdiskapingsplanen og utarbeiding av årlege handlingsplanar vil bli prioritert framover. Lokalt næringsliv vert oppfordra til å re-etablere Høyanger Næringsforum som ein interesseorganisasjon for næringslivet.

Administrasjonen i HNU ser fram til å jobbe vidare med næringsarbeid i kommunen i samspel med det nye styret.