Ny giv i reiselivet

Sognefjorden er ein av dei største turistmagnetane i verda, og mange av verksemdene innan bransjen i fjordfylket set stadig nye besøksrekordar. Korleis kan Høyanger kommune få ein større bit av den kaka? Det var eit av fleire spørsmål som vart reist under reiselivsseminaret på Øren Hotel 14. mars, og mange av spørsmåla som dukka opp vart også besvart utover dagen. I tillegg til analysar og debatt rundt reiselivsutvikling vart det også presentert eit par konkrete prosjekt under seminaret.

Fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane, Jan Heggheim, var første mann ut med sin analyse av kvifor reiselivet er viktig for Sogn og Fjordane, og kommunar som Høyanger. Heggheim peika på veksten som har vore innan reiselivet i regionen dei seinare åra, og korleis reiselivet har mange positive overrislingsverknadar for andre næringar som til dømes transport, daglegvare, overnatting og aktivitetar. Heggheim viste også fram ein oversikt over trafikkstraumar i Sogn og Fjordane, der Indre Sogn klart utmerka seg som det største reisemålet.

Reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord fulgte opp med å orientere om arbeidet dei gjer knytt til marknadsføring av reiselivstilbod i Høyanger og andre kommunar i regionen (mellom anna «Fjordbygd» nettsidene dei nyleg har lansert – Sjekk Høyanger si side her). Reiselivsdirektøren peika på korleis det for mange destinasjonar innover i fjorden blir arbeida med å utvide turistsesongen grunna sprengt kapasitet mellom 15. april til 15. oktober, medan det for Høyanger sin del dannar seg eit omvendt bilete, der utfordringa er å få meir aktivitet i somarsesongen.

I sitt andre innlegg seinare i seminaret presenterte Brandshaug konkrete reiselivsprodukt i Høyanger som blir marknadsført gjennom Visit Sognefjord sitt aparat, men reiselivsdirektøren gjorde også eit poeng ut av at det ikkje finst kommunegrenser når det kjem til reiseliv. Brandshaug fortalte at eit auka samarbeid mellom verksemder på tvers av kommunegrensene kan gje positive utslag. Konkrete prosjekt det blir arbeida med vart også presentert av reiselivsdirektøren, mellom anna i form av eit turtilbod med RIB frå Høyanger, og ein «aktivitetsbuss» som kan frakte turistar mellom Høyanger og destinasjonar lengre innover fjorden.

Gründerane Steinar Sørli frå Villa Åmot og Bård Huseby frå Fjærland Fjordstove fortalte om korleis dei har bygd opp kvar sine suksessverksemder med eit relativt beskjedent utgangspunkt. Felles for dei begge er stort fokus på historieformidling, og korleis sjølv små detaljar kan skape unike opplevingar. Stusslege hotellrom og gardar utan fjordutsikt kan og bli ettertrakta og eksklusive med det rette vertskapet og dei rette historiene rundt til å forsterke opplevingane.

Trond Amland, som mellom anna har leia Fløibanen i 15 år, tok i sin presentasjon for seg kva som skal til om Høyanger ønskjer å bli ein cruisedestinasjon. Ordførar Petter Sortland og næringssjef Terje Søreide orienterte om kva det blir jobba med lokalt, mellom anna i form av utviklinga av K1 som eit viktig reiselivsfyrtårn i kommuen. Størst engasjement var det derimot næringssjef i Gloppen Knut Roger Nesdal som skapte, med sitt innlegg om korleis ein kan få utretta mykje ved hjelp av lite. Han viste korleis stort pågangsmot, litt smart tenking og mykje dugnad har resultert i nye tilbod og «oppfrisking» av eksisterande dei seinare åra, særleg i kommunesenteret Sandane, som har fått eit stort løft. Oppfordringa frå Nesdal var å ta tak i dei enkle og nære tinga, og ikkje vente på «noko stort».

Reiselivsseminaret vart avrunda med ein kort paneldebatt, men sjølv etter at alle hadde blitt ønska vel heim fortsatte praten blant deltakarane. Kva som kjem ut av prosjekt og idéar frå dei samtalane gjenstår å sjå, men vi i HNU takkar alle for oppmøtet, og ønskjer lukke til med reiselivsutviklinga framover. Vi tar gjerne rolla som støttespelar!

Under er ein kort video der reiselivsdirektør Ståle Brandshaug orienterar om reiselivsprodukt i Høyanger og Balestrand.