Nokre lyspunkt i ei vanskeleg tid

Inntektssvikt og usikkerheit som følgje av koronakrisa pregar også næringslivet i Høyanger. På kort sikt er utfordringane til dels mange og store, men fleire positive trendar gir samstundes håp for framtida. Ein av dei er auka i tal arbeidsplassar.

Sidan 2014 har Høyanger kommune fått 25 nye arbeidsplassar, ei utvikling næringssjef Terje Søreide er svært nøgd med, og som er mot straumen samanlikna med utviklinga som har vore i Sogn og Fjordane generelt.

– Dei nye arbeidsplassane som har blitt skapt viser at det spirar og gror i næringslivet vårt, og vi ser at meir av sysselsettinga skjer utanfor den tradisjonelle industrien, som har fått 32 færre tilsette i same periode. Vi kan derfor slå fast at påstandar om at det ikkje blir skapt arbeidsplassar i Høyanger kommune ikkje har rot i røynda.

Dei positive tala rundt auka i arbeidsplassar er særleg interessante sett opp mot folketalsutviklinga, som viser ein nedgang i tal innbyggjarar i kommunen på 92 personar sidan 2014.

– At vi blir færre i kommunen samstundes som vi klarer vekst i tal arbeidsplassar er imponerande, og noko næringslivet vårt fortener stor honnør for. I dette reknestykket kan det og vere verdt å ta med at det no er 50 fleire som pendlar inn i kommunen, og 20 færre som pendlar ut, enn for fem år sidan. Så det er inga tvil om at Høyanger har ein god del attraktive arbeidsplassar både for fastbuande og pendlarar.

Mykje potensiale

Sjølv om næringssjefen er godt nøgd med utviklinga i tal arbeidsplassar, er han samstundes uroa over folketalsutviklinga. Det er særleg i Høyanger tettstad at nedgangen er størst, med i overkant av hundre færre innbyggjarar sidan 2015. Vadheim merkar seg også negativt ut, sjølv om folketalet der har stabilisert seg rundt 320 innbyggjarar dei siste åra.

– Lokalsamfunn som krympar er sjølvsagt krevjande både for næringslivet og samfunnet elles, men vi i HNU meiner at god næringsutvikling kan vere noko av medisinen som skal til for å snu folketalstrenden. I kommunesenteret er det kanskje særleg potensialet i Høyanger Næringspark med sine 22 000 kvadratmeter som blir mest spanande å følgje med på i tida som kjem.

Då Saint Jean Industries nyleg kjøpte seg fri frå leigeavtalen dei hadde fram til 2028 opna det opp nye moglegheiter for bygget.

– Vi har alt sett mykje aktivitet i løpet av kort tid som etablering av datalagring, gjenvinning av metall, og midlertidig produksjon av desinfeksjonsmiddel. I tillegg er det no ein del prosjekt under utgreiing og vi håpar såleis at nokon av desse prosjekta vil slå rot.

I Vadheim er situasjonen og langt frå heilsvart. Her vil det truleg bli gode moglegheiter for å både bu og jobbe dei neste åra.

– Vadheim Akvapark er eit storskala næringsprosjekt i lokal samanheng som kan gi Vadheim ein skikkelig boost. Prosessane knytt til utvikling av prosjektet er i god framdrift der mykje ser ut til å verte avklart i løpet av året. I full drift gir konsesjonen rom for produksjon av inntil 6000 tonn fisk på land i akvaparken. Elles har ein sentrumsfornyinga som er på trappene i Vadheim, og ikkje minst planane om leilegheiter på Gamle skuleplassen, i tillegg til dei kommunale tomtene som står klare for dei som vil byggje hus.

Ung optimisme

Det er ikkje berre dei nye arbeidsplassane som er gledeleg lesnad i statistikken for Høyanger. Søreide peikar også på auken i talet på unge i aldersgruppa 20 – 29 år som vel å bu i kommunen. Det er 42 fleire i denne aldersgruppa no enn det var i 2015.

– Fleire unge som etablerer seg i Høyanger vitnar ikkje akkurat om eit «dødt» samfunn, og vårt inntrykk er at dei unge i dag har tru på framtida for heimstaden sin. Dei er opptekne av kva ein kan få til her og no framfor å samanlikne med svunne tider og passerte glansdagar, og det er ei innstilling som skaper resultat. Vi har sett fleire flotte eksempel på yngre bedritseigarar som satsar og investerer i Høyanger kommune, også no i desse ekstra krevjande tidene.