Månadens bedrift på hnu.no

No startar sirkulærøkonomien i Høyanger

Fakta

Bedrift:

GreEnergy

Oppstartsår:

2019

Bransje:

Sortering og bearbeiding av avfall for materialgjenvinning

Høyanger er tufta på råvarebasert industri. Når GreEnergy byrjar med gjenvinning av kopar frå avfallet til Hydro i august, markerer det starten på ei ny og grøn retning for industribygda.

– Sirkulærøkonomi er framtida, det er eg heilt sikker på, seier Arvid Lønne, ein av gründerane bak selskapet.

Sirkulærøkonomi er eit økonomisk system som er tufta på prinsipp frå sirkulære kretsløp i naturen. Utgangspunktet er at alle ressursar kan nyttast, og at det dermed ikkje vert danna avfall. Det reduserer bruken av råvarer, men også energibruken.

– HNU ynskjer å legge til rette for grøn, industriell utvikling. Vi har den industrielle kulturen, kunnskapen og infrastrukturen. At GreEnergy no er klare til å kommersialisere gjenvinninga av katodeavfall frå Hydro, utnyttar dette på ein framifrå måte. Derfor har vi saman med Hjetland Industripark støtta verksemda heilt sidan starten i 2019, seier Birgitta Hagen Kyrkjebø, konstituert leiar i HNU.

GreEnergy har motteke økonomisk støtte frå Sparebanken Vest og Innovasjon Norge for å kunne realisere desse planane.

Forretningsmodellen til GreEnergy er sirkulær, og framtidsretta.

Grøn milepæl

– At GreEnergy no er klare for å kommersialisere planane sine i form av eit pilotanlegg i Høyanger Næringspark, markerer ein milepæl for Høyanger-samfunnet. No blir industrien vår en del av sirkulærøkonomien. Og eg er heilt sikker på at det finnes fleir moglegheiter for sirkulærøkonomisk utvikling i Høyanger, held Hagen Kyrkjebø fram.

GreEnergy skal søke etter den første medarbeidaren til prosjektet i mai/juni. Leigeavtalen med Høyanger Næringspark startar 1. august. Deretter ser selskapet for seg ein prosjektfase på 6-8 månader. Om resultata da er så gode som det dei håpar, vil det vere aktuelt å auke bemanninga, og starte opp ei toskiftordning.

– Vi vil gjenvinne kopar frå katodeavfallet til Hydro, og dei har allereie ein etablert logistikk for transport mellom sine verk med skip, som vi kan utnytte til å sende avfall frå dei andre verka til Høyanger. På sikt er det også interessant å gjenvinne kopar frå avfallet til andre aluminiumsprodusentar, seier Svein Tore Torvund, dagleg leiar og gründer i GreEnergy.

Ny maskin – og fleire planar

Ein del av utviklingsarbeidet til GreEnergy, er ei ny kuttemaskin basert på vatn. Den vil vere heilt sentral i å dele opp katodematerialet for gjenvinning av kopar.

– Maskinparken er på veg no, og den første medarbeidaren vår vil bli kjent med utstyret allereie gjennom monteringa i September, fortel Torvund.

Men GreEnergy har også fleira spanande ballar i lufta: Dei er involvert i arbeidet med digitale løysningar for rapporteringsverktøy for berekraft, og har konkrete planar om å etablere en hub for 3D-printing i Høyanger.

– Digitale og grøne løysingar går hand i hand. Eg meiner dette vil være ei naturleg vekstretning for Høyanger framover. Og utan at eg vil love «gull og grøne skogar» på vegne av GreEnergy, er vi i alle fall i gang med konkrete initiativ som potensielt vil kunne bli svært positive for utviklinga av bygda, avsluttar Arve Lønne.