No kan du søke BIO-midlar

Fylket delar ut midlar til bedriftsintern opplæring.

Vestland har fått tildelt 35,5 millionar til bedriftsintern opplæring (BIO-midlar) som skal delast ut til bedrifter i fylket. Midlane skal nyttast til opplæringstiltak i bedrifter som er råka av koronakrisa, både ordinære opplæringstiltak og fagbrev på jobb.

– Målet med BIO-midlane er at bedrifter med omstillingsbehov skal kunne prioritere opplæring, sjølv om koronasituasjonen gjer at dei opplever svært krevjande tider, seier Bård Sandal, fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylkeskommune.

Søknadsfristen er 22. mai. Du finn meir info og søknadsskjema her.