Nærings­utvikling i Høyanger

Næringslivet i kommunen går jamt over svært godt. På sørsida har verdiskapinga aldri vore høgare og dei innovative investeringane står nærmast i kø med fokus på klima og berekraft. På nordsida ser vi også mange dømer på bedrifter som leverer gode resultat, som investerer, og som har den viktige framtidstrua. Samla sett er det såleis mykje god underliggande drift i næringslivet i heile kommunen. Men det finst sjølvsagt utfordringar, spesielt med å fylle dei ledige næringslokala vi no har i Høyanger.

Høyanger kommune og HNU arbeider kontinuerleg med å legge til rette for ny og lønsam verksemd. Då Saint Jean Wheels la ned sin aktivitet ved årsskiftet vart det 22 000 kvadratmeter store «Fundobygget» ståande tomt. SafeClean som har sine lokale like ved vert og ledige i løpet av året når dei flyttar til SIVA sitt bygg på Kyrkjebø. Vi heiar på SafeClean og håper at dei vil utvikle seg vidare i sine nye lokale.

At næringslokale vert ledige kan og gi moglegheiter!

Så langt i 2019 har også internasjonale aktørar frå både Asia og Europa vore på besøk i Høyanger for å undersøkje moglegheitene for etablering av ny verksemd på Hjetland. Dette er prosessar som tek tid, og som aktørane sjeldan ønskjer merksemd rundt. Det er derfor vanskeleg å gå ut i offentlegheita med konkret informasjon, og det er gjerne først når siste signatur er på plass og arbeidsplassane skapt, at ein kan orientere meir i detalj om den prosessen som har blitt gjort i kulissane.

Høyanger tettstad har svært mykje å by på, ikkje minst i form av god tilgang på kraft og solid industrikompetanse, noko vi får mange positive tilbakemeldingar på i dialog med marknaden.

At Hydro i Høyanger vann den nasjonale Leanprisen hausten 2018 er eit godt døme på det. Tettstaden har ein stolt industrikultur som tradisjonelt har vore prega av nokre få store aktørar med eit nettverk av mindre bedrifter rundt seg. Sjølv om vi jobbar breitt der vi jaktar store og små aktørar, har vi og eit stort fokus på å fylle ledige næringslokale med fleire sjølvstendige bedrifter for å skape eit større mangfald.

Nedgangen i talet på arbeidsplassar i industrien i Høyanger med den påfølgande nedgangen i folketalet har også skapt utfordringar for handels- og servicebransjen. Vi har sterkt fokus på å bidra til eit meir attraktivt lokalsamfunn for både lokalbefolkning, tilreisande og næringsliv. Alt heng saman med alt, og satsinga på reiseliv og arrangementsutvikling er dømer på tiltak vi trur og vil kome handels- og servicebransjen til gode. Også på dette området kan det vere lettare å få fleire små aktørar etablert enn nokre få store. Kvar einaste nye arbeidsplass er viktig i den store samanhengen, og kan skape positive ringverknadar for samfunnet som heilskap og grobotn for enno meir næringsutvikling.

Vil avsluttar dette innlegget med å oppfordre alle til å framsnakke kvalitetane Høyanger kommune har å tilby ein kvar næringsaktør som vil etablere næringsverksemd og dermed arbeidsplassar. Eit levande næringsliv er ein sentral komponent i eit kvart levande lokalsamfunn.

I den siste tida har vi i HNU notert oss ekstra mange som «brenn for» å komme med konstruktive innspel til korleis og kva verksemder som kan etablerast i dei nemnde ledige lokala. Ingen ide er for liten og ingen er for stor, men vi ynskjer gjerne fleire innspel. Så vi vil med dette oppfordre alle, kor du enn måtte vere til å komme med innspel til etableringar som kan bidra til vidare vekst å utvikling i Høyanger.

HNU ser fram til å høyre frå deg!

Terje Søreide
Næringssjef i Høyanger kommune