Månadens bedrift på hnu.no

Lokal og internasjonal

Fakta

Bedrift:

Kristin Kommunikasjon

Oppstartsår:

2014

Bransje:

Design, kommunikasjon og marknadsføring for det offentlege og næringslivet.

Tilsette:

Ein tilsett.

 

Frå sin base i Ikjefjord, ei bygd på Høyanger sørside med omlag 80 innbyggjarar, har Kristin Kommunikasjon levert design- og kommunikasjonstenester i fire år. Sjølv om selskapet berre har ein tilsett i dagleg leiar og designar Kristin Myren har bedrifta opparbeida seg ein fyldig portfolio i løpet av kort tid. Det meste skjer på Vestlandet, men ein og anna leveranse går og utanfor landegrensene.

– Sjølv små aktørar kan handtere store og heilskaplege prosjekt i denne bransjen. Eg har levert alt frå invitasjonar til «business dinner with bird shooting” i England til utforming av investeringsprogrammet for fylkesvegane i Hordaland.

Myren har mange oppdrag for lokalt næringsliv, med Østerbø Maskin som ein særleg viktig samarbeidspartnar, men Kristin Kommunikasjon leverer også til det offentlege. Eit slikt oppdrag kom i 2015, då logoen til Hyllestad kommune vart redesigna av den vesle Høyangerbedrifta.

– Ein stor fordel med dei små og oversiktlege miljøa som vi har her i regionen er at dei ulike aktørane lettare finn kvarandre, og vi blir alle synlege delar av ein heilskap. Men det er viktig å ikkje låse seg til kommunegrensene. For meg er det kort veg til Oppedal og områda nedover mot Bergen, så det som kan framstå som ein sikker utkant kan kanskje vere meir sentral enn ein trur.

Design- og kommunikasjonsbransjen er i rask endring, og det er viktig å halde seg fagleg oppdatert. Vi må vise at vi kan levere kvalitetsprodukt og tenester slik at kundar ikkje treng å reise til meir sentrale strøk for å finne leverandørar. Kanskje dei i sentrale strøk tvert om bør komme til oss for å få den beste kvaliteten og oppfølginga?

Som del av eit blomstrande næringsliv på Høyanger sørside, med bedrifter som Osland Havbruk og Østerbø Maskin som sentrale aktørar, har Myren merka seg eit par faktorar som ho trur spelar ei avgjerande rolle for veksten og dei gode resultata.

– Det er ein mentalitet her som går på at ein aldri gir seg. Bedriftene våre er gode på å utvikle seg, følgje med på marknaden, og sjå moglegheiter. Det er ein gunstig kombinasjon av gode haldningar, lang erfaring og solid kompetanse hos mange som skapar resultat.

Mange av dei lokale bedriftene våre har tilsette som følar eigarskap til verksemda dei jobbar i. Det fører til at dei står på meir enn ein kan forvente, og med eit slikt lag kan ein få til det meste, også «der ingen skulle tru…»

Støtte til dei «vanlege»

Som ein av dei mange mindre næringsaktørane i kommunen er Kristin Myren opptatt av at det offentlege og tiltaksapparatet arbeider med å legge til rette også for dei utan lange lønningslister.

– Det er viktig at dei «vanlege» bedriftene som skapar arbeidsplassar får god støtte, og at det ikkje blir fokusert for mykje på høgtflygande nye risikoprosjekt. Eg trur også at det er viktig med eit godt samarbeid mellom for eksempel NAV, bedriftene og kommunale tenester knytt til rekruttering. Det er ei reell utfordring for mange verksemder å få tak i dei rette folka.

Myren er og opptatt av sosiale møteplassar og gode nettverk.

– Fellesskap og møteplassar skaper trivsel og utvikling. For meg som lita bedrift var det å få leige kontorplass hos ei større verksemd i form av Østerbø Maskin avgjerande, både i etableringsfasen, og i vidare drift. Ein skal ikkje undervurdere det å ha nokon å ete lunch saman med. Kanskje fleire kontorfellesskap er noko å satse på? Det kunne kanskje hatt ei positiv tilflyttingseffekt også, ved at ein kan jobbe for bedrifter andre stadar i landet, men likevel ha nokon å sitte saman med på jobb her lokalt.

Det er mange støtteordningar som er skapt for innovasjon, store planar og kostnadskrevjande utvikling, men nokon må og passe på dei «vanlege» bedriftene som kanskje raskare kan generere fleire viktige og sikre arbeidsplassar.

Kristin Kommunikasjon har hatt ei jamn utvikling sidan starten i 2014, men med ein liten naturleg dupp undervegs grunna mammapermisjon. No er målet til dagleg leiar Myren å sikre drifta vidare, mellom anna ved å søkje fleire faste avtalar.

– Meir langsiktige avtalar og planar gir tryggleik, og kan kanskje skape eit grunnlag for å ekspandere. Slik det er no veit eg jo sjeldan korleis det ligg an med arbeid framover i tid, men når tida kjem så er eg heldigvis alltid fullbooka.