To heile dagar med fagleg innhald stod på programmet; både presentasjonar frå eksisterande næringsliv, investorar og gründerar som vurderer etablering i Høyanger.

Lava, datalagring og nabolån

Lokal vasskraft kan igjen gi ny og framtidsretta næringsutvikling i Høyanger. Og i ein travel kvardag, er det slett ikkje sikkert du veit om alt det naboen driv med. Dette er berre nokre eksempel på utbytet frå HNU si næringsreise til Island.

Ståle Walsvik står saman med Steinar Holen og Helge Dyrrdal og diskuterer olabilløp.

– Dette må jo du vera med på, Helge, du som er så god på å byggje i tre? Ståle har snakka om haustprosjektet til Reodorgarasjen i sin presentasjon tidlegare på dagen, under den faglege delen av programmet. No er det litt utpå kvelden.

– Jo, det kunne vore artig det, men da må vi gjere det ordentleg! Og vi byggjer no eigentleg mest i aluminium for tida, svarar Helge.

Ortnevik Tre har nemleg levert innreiing til alle båtar frå Brødrene Aa dei siste åra, mellom anna det delelektrifiserte prestisjeprosjektet Vizion of the Fjords, og heilelektriske Future of the Fjords. Helge held fram med å fortelje om ein ny CNC-styrt fres han har investert i for slike jobbar.

– Har du ein så stor aluminiumsfres? Det var eg ikkje klar over!, skyt Steinar frå Østerbø Maskin inn – Den må eg få ta ein tur og sjå på ein dag!

Det er riktig nok eit par mil mellom Bjordal og Ortnevik, men i Sogn og Fjordane-samanheng må desse to reknast som naboar. Likevel måtte dei altså ta turen til Island for å avtale eit mogleg nabolån av maskiner.

Mange flotte opplevingar og mykje godt humør på næringstur til Island.

HNU har invitert til næringsreiser meir enn ti gonger tidlegare. Målet for reisa er nytt kvart år, men sjølve konseptet har vore om lag det same heile tida.

– I år er vi 30 deltakarar. At så mange i det lokale næringslivet set av ei langhelg og brukar eigne midlar på dette, synest eg fortel ein heil del om verdien som ligg i ei slik reise, seier næringssjef Terje Søreide.

Litt av årsaka til at vi la denne turen til Island, var å fokusere på reiseliv. Den vesle øya, med eit godt under middels tiltalande klima, har bygd opp ein imponerande stor turistindustri. Høyangermannen Jan Erik Fredriksen har budd på Island dei siste 20 åra, og dei seinare åra har han jobba meir og meir med idéutvikling og strategiar:

– Alt på Island er produsert, seier han. Med det meiner han at bak all turismen på øya ligg det kommersielle aktørar, som målbevisst legg til rette for ulike typar aktivitet.

– Det er for eksempel bygd eit heilt nytt luksushotell her, langt ute i «gokk». Og ingen har høyrt om det, det blir ikkje marknadsført gjennom vanlege kanalar. Der kostar det mellom 10 000 kr og 80 000 kr å bu – for ei natt. Likevel er det fullbooka…

Det var slett ikkje der HNU hadde reservert plass, dei var innlosjert på eit nøkternt turisthotell, men med gangavstand til det meste.

– Det er sjølvsagt ulike vurderingar knytte til at næringslivet i Høyanger prioriterer denne type samlingar. Eg meiner ein må ha vore med for å sjå verdien i dette. Innhaldet i næringsreisene har heile tida vore fokusert på ein god balanse mellom fag og det sosiale. Alle deltek og møter presis til avtalar, og både det faglege programmet og den uformelle praten utover kvelden er av stor verdi, fortel Steinar Holen.

Frode Øren, som i tillegg til eiga næringsverksemd også er styremedlem i HNU, seier det slik:

– Tid er eit viktig stikkord her. Vi har jo aldri tid til å setje oss ned på denne måten når vi er heime.

For fleire i reisefølgjet var dette også første gong dei deltok på ei næringsreise. Ståle Walsvik, relativt nytilsett avdelingsleiar for yrkesfag ved Høyanger vidaregåande skule, forklarar kvifor det er viktig for han å være med på ei slik reise:

– Kommunikasjon og samarbeid mellom skule og næringsliv er heilt avgjerande, og der må vi bli betre. Derfor er det å få snakke med folk på denne måten rett og slett gull verd.

Spektakulært? Nei, vi Vestlendingar synest ikkje det. Forklaringa bak den Islandske turistsuksessen er kanskje heller at Island har produsert mange gode produkt for ulike målgrupper, slik Jan Erik Fredriksen beskriv det.

HNU hadde også invitert viktige aktørar som ikkje direkte – eller ikkje enno – er ein del av det lokale næringslivet. To investeringsselskap var med, og siste presentasjon på dag to av det faglege programmet blei halden av David Garner frå Blockchain Brokers. Dette er eit Oslobasert firma i som arbeider med å utvikle datalagring basert på såkalla blockchain-teknologi.

David undersøker no moglegheitene for å bygge eit slikt datalagringssenter i Høyanger:

– Infrastruktur er avgjerande for oss: I Høyanger finst det: Nok straum, produsert frå fornybar kjelde; det er viktig for fleire og fleire kundar, for eksempel i Kina. For å sikre nok kjøling til serverane, er også plasseringa ved fjord og fjell god.

På denne måten kan altså dei same kvalitetane som ein gong gjorde Høyanger til eit industrisamfunn no være med på å gi grunnlag for ei spanande nyetablering.

For å utvikle både ny og eksisterande næring, er sjølvsagt eit godt banksamarbeid viktig. Roy Stian Farsund, banksjef bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane, oppsummerte inntrykket frå næringsreisa slik i innlegget han heldt:

– Her opplever eg ei unik samhandling. At næringslivet deler strategiar, suksessar og utfordringar på denne måten opplever ein ikkje så mange andre stader. De imponerer meg med det de held på med!

Denne artikkelen er levert av LB Marketing