Kunnskapsparken og HNU inviterer til vekst

Treng di bedrift input til nytenking, omstilling og vekst? Kan du tenke deg å få drøfta konkrete utfordringar i eit uformelt miljø? Kunnskapsparken gjentek suksessen og arrangerer nytt Vekstprogram for bedrifter i regionen.

Gjennom 4 halvdagsmodular og 1:1 oppfølging får du hjelp med å avklare og legge grunnlag for korleis nettopp omstilling og vekst kan skje i di bedrift. Meir informasjon og påmelding finn du her.

Det kostar kr. 9 500 i eigenandel for å delta i vekstprogrammet pr selskap. HNU dekker 50% av eigendelen slik at prisen blir kr. 4 750. Det må vere med minst to frå kvart deltakande selskap (ta gjerne med styremedlemmer).

Har du spørsmål til programmet, eller ynskjer å høyre meir om dette er noko for deg og di bedrift? Ta kontakt med Kunnskapsparken for ein uforpliktande prat:

Roger Ulvestad
roger@kpvest.no
938 17 336

Hilde Grinde
hilde@kpvest.no
908 57 394

Sigrid Førde
sigrid@kpvest.no
400 21 567