Kreativ tankegang

Lavik Torg husar ei rekkje verksemder, og mange av dei står søstrene Ann Elisabeth Lavik Akse og Bente-Annita Lavik Coskun og deira ektemenn Frode Akse og Galip Coskun bak. «Lavik-dynastiet» har sidan Torbjørn Lavik opna bensinstasjon og verkstad i Lavik sentrum i 1988 stått sentralt i næringslivet i bygda, og i løpet av dei knappe 30 åra som har gått sidan Torbjørn opna dørene for første gong har mykje skjedd. Omstillingsevne, eit uredd pågangsmot og tett kontakt med kundar har vore og er viktig, den gong som no. Ann Elisabeth på Lavik Kro og ektemannen Frode i Lavik Maskinsenter er begge klare på at ein ikkje kjem nokon veg om ein ikkje prøver, også når det kjem til å skape merksemd rundt eigne verksemder, tenester og tilbod.

– Vi er ikkje ekspertar på marknadsføring og har ingen omfattande kommunikasjonsstrategiar, men vi forsøker å by på oss sjølv, ha eit lite smil på lur, og litt glimt i auget. Nokre gonger får vi uttelling etter eit «stunt», medan andre gongar skjer det lite. Men vi ser at ein kan oppnå mykje med litt kreativ tankegang og godt humør.

Gjengen frå Lavik er synlege både i sosiale og tradisjonelle media, og Ann Elisabeth og Frode forsøker å nytte dei kanalane dei har tilgjengeleg til å nå ut med tilbod og informasjon.

– Folk vel ulike kanalar til å kontakte deg og finne informasjon. Nokon likar å gå via Facebook, medan andre ringer, sendar e-post, eller nyttar kontaktskjema på nett. Vi prøver å tilpasse oss vanane til folk, slik at vi er tilstade der kundane våre er. Eit døme på dette er da vi etablerte nettbutikken til Søstrene Lavik for eit par år sidan. Vi såg at netthandelen auka, så det var ein arena vi hadde lyst til å vere del av.

Frode Akse kunne skilte med 25% rabatt på alle sagkjeder under Black Friday i fjor, eit humoristisk «stunt» som fekk mykje merksemd både på sosiale medier og i lokalpressa.
Frode Akse kunne skilte med 25% rabatt på alle sagkjeder under Black Friday i fjor, eit humoristisk «stunt» som fekk mykje merksemd både på sosiale medier og i lokalpressa.

Det kan vere krevjande å drive næring i distrikta og ein må gjerne satse på fleire område for å lukkast. Gjengen i «Lavik-dynastiet» er eit godt døme på den filosofien, for på senteret deira finner du både gåve- og nettbutikk, dekkforhandlar, jernvare og maskinsenter, bilutleige, bensinstasjondrift og kro, for å nemne noko. Er du på jakt etter spesielle stearinlys, eksklusiv olje til matlaging, ein tilhengar til bilen, eller utstyr til ølbrygging? På nokre få kvadratmeter i Lavik finn du nær sagt alt du treng.

– For oss har det vore viktig å ha fleire bein å stå på. På kroa har vi til dømes stadig meir aktivitet knytt til catering og «leig ein kokk»-konseptet. Vi kan organisere alt frå matlagingskurs heime hos folk til å kokkelere under festar eller vennekveldar. Gjennom Søstrene Lavik kan vi også stille med full dekor og sørge for ei flott oppdekking til alle arrangement, så det er nesten berre fantasien som set grenser for kva vi kan levere av kulinariske opplevingar. Det å kunne levere ei slik totalpakke er noko vi trivst godt med.

Lavik Maskinsenter fekk i 2017 støtte frå HNU til marknadsføringstiltak. Støtta vart nytta til å utvikle lavikmaskinsenter.no.