Kortreiste nyhende

Fakta

Bedrift:

Ytre Sogn Avis

Oppstartsår:

1998

Bransje:

Lokalavis med to utgåver i veka. Høyanger, Hyllestad, Balestrand, Gulen og Solund som nedslagsfelt. Flest lesarar i Høyanger og Hyllestad.

Tilsette:

6

2018 går mot slutten og med det er også Ytre Sogn sitt 20-årsjubileum snart over. Avisa vart etablert i 1998 i kjølvatnet av nedlegginga av Sogn Dagblad, og har sidan starten vore tett på smått og stort i Høyanger og nokre av nabokommunane. Dagleg leiar Marianne Taule fortel at satsinga på det ultralokale har vore heilt bevisst.

– Det er på det nære at vi som lita lokalavis kan vere best, og det er der vi kan levere journalistikk, tenester og anna innhald som ingen andre kan. Kulturarrangement i bygdene våre, nytt frå næringslivet, meiningar og innspel. Alt saman har plass i avisa vår. Vi prøver også å vere ein effektiv marknadsføringskanal, og det er vel få om nokon som er så treffsikre og kostnadseffektive som Ytre Sogn om ein ønskjer å annonsere med innbyggjarane i Høyanger kommune som målgruppe.

Tett kontakt og direkte dialog med både annonsørar, kjelder og lesarar gir Ytre Sogn mange føremon i arbeidet.

– Vi har ein liten og snever marknad, noko som gjer det relativt enkelt å nå alle og byggje opp ei kundeportefølje. Men i løpet av dei siste to tiåra har vi som mange andre i Høyanger merka konsekvensane av fråflytting og nedlegging av butikkar og andre tenesteytande verksemder. Det har hatt ein negativ innverknad både på lesartala og annonseinntektene. Så marginane blir stadig mindre. Inntoget av digitale tilbod og marknadskanalar er sjølvsagt også noko vi har sett effektane av, særleg dei seinare åra.

Ytre Sogn har fleire år utmerka seg som den einaste avisa med opplagsauke i Sogn og Fjordane, men i fjor gjekk lokalavisa vår mest tilbake i fylket med ein nedgang på 2,9 prosent. Med ei lojal lesargruppe som fundament held lesartala seg relativt stabile over tid, men det finst utfordringar. Å rekruttere yngre lesarar er ei av dei. Å få næringslivet til å nytte avisa meir aktivt som marknadsføringskanal ei anna.

– Vi skulle ønske at lokale bedrifter brukte oss meir aktivt, og kanskje også samla seg meir om felles marknadsføringstiltak. Om ein til dømes ser til Dale i Fjaler har dei vore veldig flinke til å samle seg og promotere tilbod og produkt gjennom si lokalavis, noko som ser ut til å ha gitt gode resultat med framgang i varesal dette året. Ein meir aktiv og samla handelsstand med ei sterk leiing er noko vi kunne ønskje oss, og som vi også trur kunne gagna handelsstanden sjølv.

Nytt mediehus?

På spørsmål om kva Ytre Sogn ønskjer at HNU og andre tiltaksapparat bør prioritere framover er svaret meir oppbacking og stimulering til nytenking, også innanfor tenesteytande næring.

– Næringslivet i Høyanger er flinke til å halde motet oppe, også i tunge tider, men det kan vere tøft å drive mindre verksemder med marginale budsjett, og eg trur at mange av oss som driv innan handel og service set pris på litt støtte og hjelp til å tenke nytt frå til dømes HNU. Den noverande satsinga på reiseliv er noko vi støttar, og vi får håpe at det drypp litt på handelsstanden også om den lukkast.

Når det gjeld framtida for Ytre Sogn er den open, med mange moglegheiter og val.

– Vi ønskjer å utvikle oss innan det digitale, men er i eit skjeringspunkt då mange framleis ønskjer å lese avisa på papir. Denne gradvise overgangen blir ei utfordring for oss framover. For Ytre Sogn er det viktig å ha god kompetanse i bedrifta, vere løysingsorienterte, og helst litt kreative. Det å skape eit mediehus i Høyanger med Ytre Sogn som fundament kunne vore morosamt. Der kunne vi samla alle flinke folk som driv med marknadsføring, digitale tenester, avis og kommunikasjon under same tak og utvikla samarbeid og nytta kvarandre sin spisskompetanse til å bli betre og sterkare samla sett. Kanskje det er der framtida for Ytre Sogn ligg?