Månadens bedrift på hnu.no

Korona-kreativitet i Lavik

Fakta

Bedrift:

Søstrene Lavik

Oppstartsår:

2015

Bransje:

Drift av storkiosk. Sal av interiør og kle.

Tilsette:

4

Søstrene Lavik driv alternativ handelsverksemd i ei vanskeleg tid.

Søstrene Lavik er ein moderne landhandel i Lavik der kundar kan få kjøpt alt frå rosinbollar til den nyaste klesmoten. Dagleg leiar og huvudeigar Bente-Annita Lavik Coskun fortel om fem år med hektisk drift.

– Vi tok over storkioskdrifta knytt til bensinstasjonen då Lavik Auto Senter la ned drifta for nokre år tilbake, og har sidan hatt fokus på å utvide det som den gong var ei lita interiøravdeling. Vi starta mellom anna opp med sal av kle, ein produkttype som har slått veldig godt an for vår del.

Fleire bein å stå på er i følgje Bente-Annita ein stor fordel når ein driv butikk i distrikta.

– Sett vekk frå nokre travle sommarmånadar med mange reisande i Lavik må vi jobbe hardt året rundt for å skape aktivitet. Vi må passe på at varesortimentet vårt treff kundane, og vi må ut med informasjon om kva produkt vi har inne til marknaden vår. Vi er opptekne av er å ha eit breitt utval, og har mellom anna kle som passar både unge og vaksne, tynne og dei med meir former.

Det nyttar ikkje å sitte stille og vente på kundane. Ein må gjere ein innsats sjølv for å skape interesse om eigne produkt.Bente-Annita Lavik Coskun

Aktiv marknadsføring

Arbeidsverktøyet Bente-Annita nyttar mest for å skape blest rundt eigne varer er sosiale medier.

– Vi forsøkjer å legge ut noko på Facebook og Instagram dagleg. Det krev ein del innsats å ta gode foto og forfatte tekst, men vi ser at det har god effekt, så det er vel verdt det. Vi får ofte direkte henvendingar etter at vi har lagt ut ein post med spørsmål om produkta, og mange fortel at det er kjekt å følgje oss i sosiale medier.

Søstrene Lavik nyttar også Google Ads til å annonsere for eige sortiment på nett. Utanfor datamaskinene og mobiltelefonane er det direkte kontakt med potensielle kundar som gjeld.

– Vi deltek ein del på lokale messer og marknader som Gaularmarknaden, og så arrangerer vi diverse hendingar. Kundekveldane vi har på hausten og våren har blitt veldig populære, og vi har måtte innføre ventelister då det er fleire enn dei 50 vi har plass til som ønskjer å delta. På kundekveldane lagar vi til moteshow, og så får deltakarane noko godt å ete frå vår gode nabo Lavik Kro.

Kreativ koronatid

Koronakrisa har ført til eit fall i omsetninga på 60% for Søstrene Lavik, som etter utbrotet av Covid-19 opplever utfordringar med å halde drifta tilnærma normal. At høgsesongen for vår- og sommarmote no står for tur er langt frå ideelt, men Bente-Annita gir ikkje opp av den grunn. Ho vel heller å tenkje kreativt, og gjere det beste ut av situasjonen.

– I byrjinga av april starta vi med forundringspakkar som vi køyrer heim til folk, og det har tatt heilt av. Eg var ikkje førebudd på den massive responsen, men vi har heldigvis klart å få inn nok varer til å dekke etterspurnaden etter desse pakkane. Vi har og starta å tilby booking av butikken og kroa for grupper etter stengetid. Då kan til dømes vennegjengar få boltre seg fritt i lokala, og handle i ro og mak.

Med eigen nettbutikk har Søstrene Lavik og moglegheit til å selje varer utan fysisk oppmøte, noko som kjem godt med når folk stort sett held seg heime.

– Netthandelen har skote i været, men det er mange som satsar på sal på nettet om dagen, så det er ingenting som kjem gratis der heller. Vi merkar at mange ser på utvalet vårt på nettet, og enten bestiller direkte, eller sendar nokon innom for å hente. Det er ikkje heilt uvanleg at vi får mannfolk innom med eit bilete av eit plagg som madammen heime har bedt han kjøpe med seg i forbifarten.

Lyst til å sjekke ut utvalet til Søstrene Lavik? Besøk sostrenelavik.no!

Ny avdeling?

Det er krevjande tider for næringslivet for tida, og Søstrene Lavik har og fullt fokus på «her og no»-situasjonen. Men Bente-Annita kan fortelje at verksemda har nokre håp og planar for framtida.

– Ting er litt i det blå enno, men vi har vore i dialog med nokon om å starte ein liten pop-up butikk ein annan stad enn i Lavik, noko vi synst ser veldig spanande ut. Det er ekstra stas at dei som har spurt oss om dette kjenner konseptet vårt godt, og har tru på oss og produkta vi sel. Ein slik butikk nr. 2 må eventuelt bli neste steg for Søstrene Lavik, men sett vekk frå dei ambisjonane er nok framtidsplanane å fortsetje å jobbe hardt, utvikle eige tilbod, og få pilene til å fortsette å peike oppover.

Har du næringslivsrelaterte spørsmål knytt til situasjonen rundt koronautbrotet i Høyanger kommune, eller ønskjer å diskutere konkrete situasjonar rundt di verksemd? Ta gjerne kontakt med oss i HNU, så tar vi ein prat.