Kompromisslause gründerar

Då Marita Aasen og Adrian Breidvik bestemte seg for å opne treningssenter i Høyanger hadde dei eit overordna mål. Å gjere det skikkelig.

Høyanger Treningssenter strekker seg over tre etasjar og har utstyret og fasilitetane som skal til for å levere eit komplett treningstilbod. Her kan ein delta på saltimar, trene med vekter og apparat, eller få opp kondisen på tredemøllene. Spinningsyklar kjem om dei når 200 medlemmer, og det er ikkje langt igjen før det målet også er nådd.

– Vi har fått ei veldig positiv mottaking og ser på dei knappe 200 medlemskapa så langt som ei stadfesting på at det var eit behov for eit treningssenter som dette i Høyanger.

Tanken om å starte treningssenter har vore der lenge men vart først ein realitet då Marita fekk utfordringar med sjukdom, og måtte finne ein jobb som passar den nye livssituasjonen.

– På mange måtar vart det som i utgangspunktet var negativt snudd til ein moglegheit for å realisere ein draum vi har hatt lenge. I staden for å finne ein jobb som kunne passe Marita bestemte vi oss for å skape den sjølv, og når det vedtaket først vart tatt var vi og veldig klare på at vi skulle gjere dette skikkelig. Høyanger Treningssenter skal ikkje vere eit hobby- eller sideprosjekt men arbeidsplassen til Marita, og då må det vere profesjonelt i alle ledd.

Ikkje aleine

Som gründerar flest har Marita og Adrian mykje ståpåvilje og motivasjon for å lukkast med prosjektet sitt, men dei er også tydelege på at dei ikkje kan eller klarer alt sjølv. Dei var derfor tidleg ute med å skaffe seg gode hjelparar og samarbeidspartnarar, eit trekk ein ofte ser igjen hos dei som lukkast med ei etablering.

– Vi har fått veldig god hjelp frå Eleiko som har vore med på å planlegge senteret, og som leasar ut utstyr til oss. Utan deira kompetanse og engasjement hadde dette blitt vanskeleg. Vi har inga erfaring med drift av treningssenter eller det å drive ei bedrift generelt, og då er det viktig å finne aktørar som kan ta seg av dei område kor vi sjølv manglar kompetanse. Medlemsskap blir til dømes teikna og administrert gjennom systemet til Exceline, medan Løbø Rekneskap og Økonomi hjelper oss med å halde orden på tala.

Marita og Adrian har også fleire gode hjelparar. HNU har gitt eit lite tilskot og vore med på å finne eigna lokale. Sparebanken Vest er med på finansieringssida, medan slekta har stilt opp med litt økonomisk drahjelp. Mange lokale treningsentusiastar er også med på å fylle senteret med aktivitet for grupper og einskildpersonar.

– Vi satsar hardt på å lukkast med Høyanger Treningssenter og går «all in» med tanke på å gje eit så godt tilbod som mogleg, men vi set samstundes ikkje framtida vår på spel. Lokala blir leigd og utstyret leasa, så om det skulle bli vanskeleg å drive på sikt kan vi setje kroken på døra utan at det vil få for store konsekvensar for vår eigen privatøkonomi.

Nye planar

Så langt har utviklinga og drifta av Høyanger Treningssenter vore ei berg- og dalbane for dei to gründerane, men farten er god, og vogna sit framleis trygt på skinnene.

– Sidan vi har lite erfaring med det å drive ei verksemd dukkar det opp problemstillingar og utfordringar som må handterast, men dei tar vi berre fortløpande. Så langt har vi ikkje møtt på noko som ikkje kan løysast, og med eit godt støtteapparat i ryggen er det meste greitt handterbart.

Og som dei gode gründerspirene dei er har Marita og Adrian alt byrja å tenke på neste steg for Høyanger Treningssenter.

– Slik vi ser det er dette berre starten. Vi vil utvikle og tilpasse senteret ut frå ønskjer, behov og moglegheiter som måtte dukke opp. Målet om å få på plass spinningsyklar er eit døme på det, men vi har også tenkt på ei utviding av lokalet, og vil få hjelp av Eleiko til å lage konkrete planar. Det skal vere eit tilbod for absolutt alle hos Høyanger Treningssenter.