Månadens bedrift på hnu.no

Kompromisslaus mat

Fakta

Bedrift:

Lavik Kro

Oppstartsår:

2014

Bransje:

Restaurant/kro/kafé og catering

Tilsette:

13 tilsette, inkludert mindre stillingar (helgevikarar, sommervikarar, reinhaldstenester, osv.)

 

For Ann Elisabeth Lavik Akse har det aldri vore aktuelt å drive eit reint gatekjøken, eller servere fancy motemat. Ho finn heller inspirasjon i bestemora si gamle kokebok.

– Eg har stor tru på tradisjonsmat og gode lokale råvarer. Både frå eit ernæringsperspektiv, men også med tanke på smak. Bestemor mi var glad i å lage mat og eg hentar mykje inspirasjon frå oppskriftene hennar. På kroa serverer vi bestemor sine kjøtkaker, og det er fleire oppskrifter frå henne som eg kunne tenke meg å sette på menyen.

Ann Elisabeth har fått mange positive tilbakemeldingar på satsinga på god gamaldags heimelaga mat, og ho har og eit stort engasjement for lokale råvarer.

– Vi har utsal av ganske mange produkt frå lokalmatprodusentar i regionen, og nyttar dei same produkta på krokjøkenet og i cateringa. Lokalmatprodusentar som Svanøy Røykeri, Undredal Stølsysteri, Signes Raspeball og Sognefjord Kaffibrenneri kan nytte oss som ein utsalsstad, medan vi får gode råvarer å jobbe med. Det er ein vinn-vinn situasjon, slik eg ser det.

Eg seier som Petter Stordalen, vi må selje dei bæra vi har. Det er viktig at vi i lokalt næringsliv er stolte av våre eigne produkt og tenester, og heiar kvarandre fram.

Første lærling

Som for mange andre gründerar har det i periodar vore hektisk for Ann Elisabeth på kroa, men innsatsen visar igjen på resultata, med omsetningsvekst kvart år sidan oppstarten.

– Vi hadde litt utfordringar med bemanninga i år, særleg i konfirmasjonssesongen. Den eine helga var eg nede i to timar søvn totalt, men slik vil det heldigvis ikkje bli i 2019. Det vart servert omlag 80 kaker i 9 ulike kommunar frå Lavik Kro i april/mai, så det vart lite tid til anna enn kakebaking og catering i denne perioden.

Ordrebøkene for våren 2019 er alt fulle, så det blir truleg hektisk for Ann Elisabeth også i april/mai neste år. Ho fortel at dei mange gode tilbakemeldingane er inspirerande når det er på det travlaste, og at det no har kome inn ekstra hjelp på kjøkenet i form av ein lærling med lokale røter.

– Vi har vore så heldige å få 18 år gamle Olav Mjell Hofsvik frå Leirvik inn som kokkelærling. Olav tok sjølv kontakt med oss, og er både engasjert og lærevillig. Han var blant vinnarane i fylkesmeisterskapen i yrkesfag tidlegare i år, og i september skal han til Cape Town for å gå på barkurs. Dette er utvilsamt ein ung mann som ønskjer å lære og utvide den kulinariske horisonten sin.

Med sin første lærling på plass i Lavik Kro har Ann Elisabeth blitt ekstra obs på det faglege nivået, og tar på ingen måte lett på rolla som læremeister. Og sjølv om Olav er fersk i bedrifta, har dei to alt byrja å snakke om framtida.

– Eg kan ikkje drive kroa i all framtid, og har sagt til Olav at han kan få ta over om han ønskjer det på sikt. Han har lyst til å drive noko eige i heimtraktene, så det kan kanskje passe bra at han tar over den dagen eg gir meg. Men han må få litt erfaring først, og gjerne reise ut i verda for å lære og oppleve før han slår seg til ro her heime.

Hjelp i tøffe tider

Lavik er ein geografisk utkant i Høyanger kommune, men samstundes kanskje den mest sentrale bygda vi har med omlag ein million reisande med ferjesambandet Lavik – Oppedal kvart år. Ann Elisabeth ser eit stort potensial for heimbygda, og trur at eit aktivt HNU kan spele ei viktig rolle for nyetableringar i Lavik og kommunen elles. Men ho er og opptatt av hjelp til dei som slit.

– Mange av oss i små bedrifter brenn for å halde distrikta vi er del av levande. Då er alle viktige. Store som små. Dei som går bra, og dei som har vanskar. Eg ønskjer at HNU har eit støtteapparat som kan koplast inn når dei blodraude tala kjem, og det ikkje går så bra. Då dukkar det gjerne opp mange spørsmål som kan vere vanskelege å svare på sjølv. Er det lurt å fortsetje, eller bør ein sei stopp? Skal ein satse private midlar og sette hus og heim i fare? Når ein har slike spørsmål som må besvarast er det godt om ein har aktørar som HNU som kan hjelpe ein å tenkje klart.