Inviterer til dugnad for Reodorgarasjen

Reodorgarasjen har vore eit populært tilbod til born og unge i Høyanger kommune den siste månaden. Men garasjen treng utstyr, og håper no på drahjelp frå lokalt næringsliv.

4. april 2018 opna Reodorgarasjen i sine lokale i Høyanger vidaregåande skule, og med det vart eit tilbod til born og unge som er interesserte i å arbeide kreativt og praktisk etablert. Gjennom fire klubbkveldar har reodorane (deltakarane i Reodorgarasjen) så langt bygd bord og benkar, og flaskebilar ut av tomflasker og delar frå øydelagde leikar.

Etter ein «flying start» har kreftene bak Reodorgarasjen no satt opp ei ønskeliste med utstyr, som kan hjelpe til med å løfte aktiviteten i garasjen til nye nivå. Initiativtakar og avdelingsleiar for yrkesfagleg utdanningsprogram ved Høyanger vidaregåande skule, Ståle Walsvik, fortel saman med rektor Toril Thorbjørnsen om satsinga på ny teknologi.

– Vi har eit mål om kunne gje reodorane tilgang til moderne utstyr. Både for at dei skal få kjennskap til kva moglegheiter som finst med dagens teknologi, og for at dei lettare skal kunne realisere ideane sine i garasjen. Øvst på ønskelista vår akkurat no står eit par 3D-printarar og ein laserkutter. Verktøy som dette vil gje oss eit heilt anna kreativt spelerom enn det vi har i dag.

Unge oppfinnarar (og litt eldre assistentar) på startstreken med eigenbygde flaskebilar.

Eit tilbod for alle

Det vil i stor grad bli opp til reodorane sjølv kva dei skal drive med på klubbkveldane, som er faste kvar onsdag. Om nokon vil kode og programmere robotar skal det vere høve til det. Om andre heller vil snikre, mekke, bygge ein drone, redigere video, eller drive med noko heilt anna kreativt og praktisk, er det fritt fram. Men då trengst det utstyr. Og kompetanse.

– Vi vil vere heilt avhengig av at folk stiller opp om Reodorgarasjen skal bli ein suksess på sikt. Vi håper at næringslivet og andre aktørar kan bidra på utstyrssida, men vi har og behov for at foreldre, og kanskje også besteforeldre, stiller på klubbkveldane. Når det gjeld næringslivet sit det og på mykje kompetanse som sjølvsagt kan bli nyttig for oss i Reodorgarasjen, om det skulle dukke opp prosjekt som krev litt ekstra ekspertise.

Stor stemning blant publikum når dei unge reodorane lar flaskebilane dei har bygd køyre om kapp.

Ei satsing på framtida

Reodorgarasjen har som eit viktig mål å utvikle nysgjerrigheit og entreprenørskapsånd hos dei unge, og aktiviteten og etableringa er tett knytt til 1 – 13 modellen som skuleverket i Høyanger har praktisert dei seinare åra.

– Reodorane vil om nokre år vere ferdige på skulen, og vil etter kvart trenge arbeidsplassar. Vi håper at eit slikt tilbod vil kunne gjere dei unge betre rusta til å møte arbeidslivet, og kanskje også skape ein tettare kontakt mellom næringslivet vi har i Høyanger, og dei som forhåpentlegvis skal byrje å arbeide i dei ulike verksemdene våre om nokre år. Om det finst entreprenørspirer her som får utforska og utvikla skaparkrafta si, er det sjølvsagt også noko vi ser på som klart positivt. Det er ikkje utenkeleg at nokon av framtidas arbeidsplassar i Høyanger kan få sitt utspring nettopp her i Reodorgarasjen.

Har du spørsmål knytt til Reodorgarasjen, eller ønskjer å bidra? Ta kontakt med Ståle Walsvik på e-post stale.walsvik@sfj.no eller telefon 57 63 77 81 / 993 98 989.
Reodorgarasjen kan bli ein viktig arena for utvikling av kreative og praktiske evner, og eit møtepunkt mellom initiativrik ungdom, offentlege etatar, skuleverk og næringsliv.