Innspel til nærings- og tiltaksarbeid

Kommunestyret i Høyanger har bede rådmannen legge fram ei drøfting og tilråding knytt til nærings- og tiltaksarbeidet i kommunen. Denne skal handsamast i kommunestyremøtet 18. juni. Rådmann har som del av dette arbeidet bede HNU informere næringsaktørar i kommunen om ønskjet om innspel til denne saka.

Rådmannen har fått i oppgåve å drøfte og tilrå korleis nærings- og tiltaksarbeidet skal organiserast, og i kva slags form dette viktige arbeidet skal vidareførast. Høyanger kommune sitt nærings- og tiltaksarbeid er i dag i hovudsak organisert gjennom Høyanger Næringsutvikling AS.

I samband med oppdraget meiner rådmann at det er avgjerande å få bedrifter og næringsaktørar i kommunen sitt syn på framtidig organisering av nærings- og tiltaksarbeidet. Ein ønskjer difor tilbakemelding/synspunkt på følgjande punkt;

• Kva er næringslivet og den enkelte bedrift sitt «daglege» behov for tenester frå kommunen sitt nærings- og tiltaksapparat?

• Kva fungerer bra/mindre bra med dagens organisering, og synspunkt kring forbetringspotensiale?

• Kva utviklingspotensiale har næringslivet/di bedrift, og kva satsingar og oppgåver bør kommunen prioritere å få løyse for å bidra til at dette utviklingspotensialet vert realisert?

• Korleis kan samhandling mellom næringsliv og nærings- og tiltaksapparat styrkast, og kva utfordringar kan løysast i fellesskap?

OBS: Fristen for innsending av innspel er flytta til torsdag 4. juni 2020. Innspel skal sendast til postmottak@hoyanger.kommune.no.