Innspel til kompetansebehov

Kompetanseforum Vestland ønskjer å kartlegge kompetansebehovet i Høyanger og andre kommunar i Sogn for å kunne dimensjonere utdanningstilbodet for studieåret 2021/2022 på universitets-, høgskule-, fagskule og vidaregåande nivå.

I samband med denne kartlegginga er det laga ei spørjeundersøking på sognnaring.no som Kompetanseforum Vestland ønskjer at lokale verksemder fyller ut.

Det tek berre eit par minutt for kvar einskild bedrift å svare. Svara vil gje verdifull kunnskap som kan vere med på sikre at utdanningsinstitusjonane i regionen gir unge rett kompetanse opp mot behovet i næringslivet.

Fristen for å svare på undersøkinga er sett til 31. august.