Innovasjon­camp med Nyrstar

Nyrstar Høyanger: – Her skal vi bygge nytt. Kan de hjelpe oss med kreative innspel? Spørsmålet går til elevar ved Høyanger Vidaregåande skule. På Innovasjonscamp får dei ei helt reell problemstilling, men dei slepp å tenke på kostnader og praktiske avgrensingar.

Kari S. Klævold hiv seg over PC-en. Googlar konduktivitet. Ho må berre sjekke, for det er eitt år sidan ho hadde faget Fysikk 1 på vg2. Kunne dette være ein måte å løyse problemet på? Ideen kom frå den andre sida av bordet: Kopar er jo ein god straumleiar, medan slagg ikkje er det. Dette kunne mekanikarane på gruppa, Steinar Standnes og Elias Fredriksen slå fast, basert på eiga sveiseerfaring. Kanskje kunne dei bruke den elektriske leiingsevna – altså konduktiviteten – til å automatisere separeringa av kobbermatte? (Sjå ramme: Kva er kobbermatte?)

Korleis nye idear oppstår er eit godt spørsmål med mange moglege svar. Her, når Nyrstar Høyanger i samarbeid med Ungt Entreprenørskap og Høyanger Vidaregåande skule arrangerer Innovasjonscamp, blei dei nye løysingane jobba fram gjennom eit målmedvite opplegg. Viktige stikkord: Reell problemstilling, kort tidsfrist, grupper samansette av ulik kompetanse – og premiering.

May-Britt Torsnes, HR-leiar ved Nyrstar Høyanger, starta med å sette elevane inn i utfordringa. På industriområdet, ikledd gule besøksfrakkar og hjelmar, fekk dei sjå og høyre korleis separering av kobbermatte skjer i dag – og kva verksemda har som mål å forbetre.

Dagens separering av kobbermatte: Botnen av digelen (her snudd) blir meisla av. Operasjonen forgår utandørs, og krev tre mann.

Kva er Kobbermatte?

Det blir dagleg tappa store mengder slagg frå produksjonen til Nyrstar Høyanger. Slagget inneheld kopar og andre edle metall, som samlar seg i botnen av slaggdiglane. Dette metallhaldige sjiktet vert kalla kobbermatte. Når slagget størknar blir det porøst, medan kobbermatte-delen er fastare, og kan meislast av. Kobbermatte blir eksportert til Nederland, der Nyrstar utvinn dei edle metalla som deira endelege salsprodukt.

Kreativ oppvarming

Tilbake på «kontoret», altså Høyanger Vidaregåande skule, overtok Eivind Husabø frå Ungt Entreprenørskap. Han starta med kreativ oppvarming: Kva kan de skape ut frå ei skei og ein klump leire? Elevane kom opp med alt frå robotgravemaskin til genmodifisert oppdrettsfisk. Tonen var sett, den kanskje litt for vante jakta på eit fasitsvar var broten.

Elevane frå vg2 Elenergi fekk i oppgåve å prosjektere eit lysanlegg for separeringa, medan grupper samansette av elevar både frå vg3 Studiespesialisering (STP) og frå Industriteknologi, vg2 ved Teknikk og Industriell produksjon (TIP) fekk i oppdrag å forbetre sjølve separeringsprosessen.

Medan elevane arbeider er leiinga ved Nystar Høyanger tilgjengeleg for spørsmål. Fabrikksjef Tommy Ølmheim er spent på kva elevane kjem opp med av løysingar:

– Me forventar ikkje eureka, i den forstand at elevane skal komme opp med ei ferdig løysing, men kanskje at innspela kan få oss til å vere meir kreative. Ein blir jo lett låst i gamle tankar. Elevane kan vekke noko i oss.

HR-leiar May Britt Torsnes rettleiar elevane i arbeidet.

Noko anna enn «gruppearbeid»

Hugsar du gruppearbeid på skulen? Det var kanskje ikkje alltid at tida gjekk spesielt fort. Nokre tok det kanskje meir som fritid, enkelte la opp til ein sluttspurt like før levering, medan nokre få, iherdige, drog lasset. Innovasjonscamp med Nyrstar Høyanger er noko heilt anna. For det første har elevane berre ein knapp dag å gjere alt arbeidet på, før dei skal legge fram resultata for bedriftsleiinga. Dessutan arbeider elevane ved Høyanger VGS med ei heilt reell problemstilling: Nyrstar Høyanger skal bygge eit nytt lagerbygg for kobbermatte-separering, og ønskjer kreative og konstruktive innspel i prosessen.

Saman for første gong

Gruppearbeid på tvers av studieretningane på vidaregåande skule er ikkje akkurat vanleg, og samarbeid mellom vg3 STP og vg2 TIP er ei heilt ny oppleving for elevane.

– Men det er ei fæla fin stemning rundt bordet, meiner Steinar Strandnes (TIP).

– Ja, og ikkje noko krangling, legg Elias Fredriksen til (TIP).

– Og så bidreg alle, med ulike innspel, seier Evy B. Søreide (STP).

– Ja, vi har ein utfyllande kombinasjon av kunnskap og interesser, avsluttar Kari Klævold (STP).

Og kombinasjonen var så god at nettopp denne gruppa vann prisen for mekaniske fag, med grunngjeving nettopp i ideen om å bruke konduktivitet til å automatisere separeringa, samt å gjenvinne varme frå diglane som står til avkjøling. Det «idiotsikre» lyssystemet som gruppa til William la fram blei også heidra med pris, der grunngjevinga nettopp var fokuset på tryggleik.

Leiinga i Nyrstar var imponerte over innspela frå elevane, og May Britt Torsnes oppsummerer:

– Det kan godt vere at vi brukar delar av løysingane elevane kom opp med når vi skal bygge nytt lagerbygg for kobbermatte-separering.

Vinnarar, lysanlegg: Mangnus Helle, Jonas Randal, William Selnes Vimme og Ola Nedberge Hille. Vinnarar, separeringsanlegg: Steinar Strandnes, Kari Sværen Klævold, Evy Birkeland Søreide og Elias Fredriksen. Bak, juryen frå Nyrstar Høyanger: May Britt Torsnes, Tommy Ølmheim, Ørjan Aardal og Espen Vallestad.