Hydrogensatsing på sørsida

Osland Havbruk har i samarbeid med Høyanger Næringsutvikling, Greenstat og Maritim Forening Sogn og Fjordane starta opp eit forprosjekt som skal sjå på moglegheitene for utvikling og bruk av ein arbeidsbåt med hydrogen som drivstoff for det tradisjonsrike fiskoppdrettsselskapet. Prosjektet har ei total kostnadsramme på 440 000 kroner, og har no fått 220 000 i støtte frå fylkeskommunen sitt utviklingsprosjekt knytt til hydrogenbaserte verdikjeder, ei ordning som er oppretta ved hjelp av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Om prosjektet blir ein realitet er planen å produsere hydrogen lokalt på Osland, i tilknytning til Osland Kraft sitt småkraftverk.

– Dette prosjektet er eit godt døme på korleis produksjon og bruk av hydrogen kan vere med på å skape verdiar lokalt i Sogn og Fjordane. Energien frå småkraftverket vert maksimalt utnytta når ein både kan levere straum til nettet og produsere hydrogen, oksygen og varme ved behov.

Det seier Elisabet Kjerstad Bøe, som er fylkeskommunen sin prosjektleiar i Hydrogen Region Sogn og Fjordane.

Lokale vinn-vinn effektar

Hydrogenproduksjonen på Osland vil bli stor nok til å drive fleire av Osland Havbruk sine arbeidsbåtar, og oppdrettsselskapet vil også kunne nytte seg av dei andre sluttprodukta i produksjonen.

– Oksygen og varme som oppstår når ein spaltar vatn er ressursar som vi kan bruke i settefiskproduksjonen vår. I dag kjøper vi oksygen som blir frakta til oss i tankbilar, så om vi både kan produsere hydrogen som drivstoff og oksygen lokalt har vi håp om å både få god økonomi og effektiv ressursutnytting i prosjektet.

Næringssjef Terje Søreide har stor tru på hydrogensatsinga til Osland Havbruk, som HNU sjølv er involvert i, og på vidare grøn utvikling i Høyanger.

– Utvikling av ny teknologi og næring som kan skape nye spanande arbeidsplassar er noko av det kjekkaste vi kan vere med på. Naturressursane våre legg til rette for lokal verdiskaping, og vi har både kompetanse og satsingsvilje, noko dette prosjektet er eit godt døme på.

PS: Du kan lese meir om prosjektet mellom anna i dagens Ytre Sogn.

Utdrag frå Verdiskapingsplanen 2016 – 2020 for Høyanger kommune.

2. Styrke evna til ny forretningsutvikling
Bidra til å etablere næringar/verksemder som komplementerer eksisterande næringsliv og bygger på Høyanger kommune sine naturlege fortrinn, med eit spesielt fokus på etableringar som tek del i det grøne skiftet.

Delmål:
– Utnytte fortrinn i Høyanger kommune knytt til blant anna energi, industrikultur, kompetanse, oppdrett, naturressursar, osv.
– Styrke Høyanger kommune si evne til å legge til rette for grøne næringar.