HNU søkjer ny næringssjef

Er du rett kandidat?

Då noverande næringssjef Terje Søreide ønskjer å trappe ned yrkeskarriera på nyåret startar HNU no prosessen med å finne ein erstattar. Med bakgrunn i at ordførar Petter Sortland for tida har permisjon frå stillinga vil vedkomande bli tilsett i eit 3-årig vikariat fram til kommunevalet i 2023. Søreide ser fram til rolegare kvardagar, men understrekar at han framleis brenn for lokal verdiskaping.

– Motivasjonen min for å jobbe med samfunns– og næringsutvikling er framleis stor, men tida har etter kvart blitt moden for å roe ned tempoet noko. Den noverande planen er at eg jobbar ut januar 2021, men den nøyaktige datoen for når eg går av avheng av korleis prosessen med å finne ein ny næringssjef går dei neste to månadane.

Søreide har vore næringssjef sidan 2011, ei rolle som krev mykje engasjement og innsats, men som og kan gje mykje tilbake.

– Som næringssjef jobbar ein med mange prosjekt på same tid. Nokre er synlege i offentlegheita, medan andre av ulike grunnar blir jobba med i kulissane. Nokre prosjekt lukkast ein med, medan andre ikkje kjem heilt i mål. Slik er denne jobbben, og det er viktig å kunne glede seg over sigrane og lære av prosessane som ikkje når fram til eit konkret sluttresultat.

Høyanger har eit variert næringsliv med store og små bedrifter innan ei rekkje bransjar fordelt utover heile kommunen. Som næringssjef må ein kunne sette seg inn i rammebetingelsar og driftsforhold for selskapa, uansett næring, eller om verksemda er liten eller stor.

– Det å vere til hjelp for næringslivet vårt er ei oppgåve som tek mange former, og som krev eit breitt spekter av tilnærmingsmetodar. Næringssjefen har tett kontakt med bedrifter næringsliv og offentleg forvaltning, og ein må ha evne til å kople folk, kompetanse og kapital på ein måte som gagnar både einskildbedriftene og næringslivet i kommunen som heilskap både på kort og lang sikt.

Stillinga som næringssjef i Høyanger har søknadsfrist 20. desember. Les heile stillingsutlysinga her.
HNU søkjer også etter ein prosjektleiar/forretningsutviklar. Søknadsfrist er 20. desember. Les heile stillingsutlysinga her.