HNU inviterer til samling for næringslivet

Velkommen til møte i Høyanger 1. juli kl. 11 – 13

Vi i HNU ønsker å komme i gang igjen med Høyanger næringsforum. Dette vil vere eit næringsforum for heile kommunen.

I samband med dette ønskjer vi å arrangere eit felles møte den 1. juli i Høyanger der alle bedrifter vert invitert, store – som små. Målet er å få sett ned ei arbeidsgruppe som utarbeider kreterier for reetablering av Høyanger næringsforum. Kva form skal Høyanger næringsforum ha i framtida, kva skal vere formålet, møtefrekvens, fagleg påfyll mm.

Vi satsar på å få sett ned arbeidsgruppa på møtet. Då vil vi greie å komme i gang iløpet av hausten.

Høyanger kommune jobbar også med samfunnsdelen til ny strategisk plan og i samband med denne ønskjer vi i HNU å be om innspel til denne slik at næringslivet også vert involvert og ivareteke.

Det vert enkel servering.

Møtet vert sannsynlegvis i Høyanger Næringspark (Fundo). På grunn av korona må vi ha påmelding. Dersom nokon ønskjer å delta på Teams så ordnar vi det. Dersom ein har synspunkt på desse temaa, men ikkje har høve til å møte, så kan innspel sendast til oss tre.

Helsing

Ingrid
97085321
ingrid@hnu.no

Birgitta
47751637
birgitta@hnu.no

Tommy
46940566
tommy@hnu.no