Månadens bedrift på hnu.no

Hjarta i bygda

Fakta

Bedrift:

Ortnevik Nærbutikk

Oppstartsår:

1998

Bransje:

Daglevarer

Tilsette:

4

Ortnevik Nærbutikk er noko så unikt som ein lokalbutikk der pilene peikar oppover.

Lokale butikkar slit landet over, og daglegvarebutikkane i distrikta er blant dei som slit mest. Slik er det ikkje i Ortnevik. Der har butikken hatt vekst i omsetninga kvart år sidan 2015, noko Joar Oppedal og Ann Iren Østerbø i leiargruppa til butikken sjølvsagt er svært nøgde for. Joar har no sju år bak seg som kjøpmann, og han fortel om ei langt dystrare stemning tidlegare i butikken.

– Då eg byrja her i 2013 såg det ganske mørkt ut, men omtrent på den tida snudde pilene, og no er butikken på ein langt meir optimistisk stad reint økonomisk. For oss som jobbar i og med butikken er det sjølvsagt meir motiverande enn når ein føler at ein slit og nett så vidt held hovudet over vatnet.

Årsaka til veksten er tett knytt opp mot utviklinga i Ortnevik generelt. Nye arbeidsplassar og bedrifter som går godt har hatt innverkand på omsetninga til butikken, og med fleire nye småbarnsfamiliar i bygda er kundegrunnlaget langt betre i 2020 enn for berre nokre få år sidan.

Av og for folket

I Ortnevik er butikken eigd av innbyggjarane i bygda, og den fungerar som langt meir enn berre ein leverandør av daglegvarer. Her finn du mellom anna oppslagstavle med beskjedar til og frå bygdefolk, ein kaffikrok der ein kan slå av ein prat, eit minibibliotek, souvenirar til sals, lokal litteratur og lokale måleri. Butikken gir og lokal ungdom sjans til å få seg ein sommarjobb, og i år har det vore Aurora og Birgitte Saxrud Østerbø som har ekspedert både fastbuande og tilreisande. Eit av dei siste tilskota i vareutvalet er også av lokal karakter, og er kanskje verdas mest kortreiste eksklusive matvare.

Måleri med lokale motiv, informasjon om marine artar, eller litt sommarlektyre? Ortnevik Nærbutikk har det meste.

– Vi har fått inn kveite frå Sogn Aqua sitt anlegg, som ligg eit steinkast frå butikken. Dette er eit produkt som kundane våre har etterspurt over ganske lang tid, og det har tatt litt tid å få på plass, men no når kveita er her har den blitt svært populær. At vi kan tilby lokale produkt på denne måten er vel ein av styrkjene til ein liten lokalbutikk som vår. Her på bygda må vi jobbe saman for å halde tilboda oppe for dei som bur her, og gjere kvarandre attraktive.

Koronaeffekt

For mange butikkar og handelsverksemder har utbrotet av koronaviruset hatt store negative konsekvensar. Daglegvarebransjen har derimot opplevd ein samla vekst mykje grunna endra vanar der folk har ete meir heime enn tidlegare. I Ortnevik har dei også merka positive utslag av det som i utgangspunktet er ein negativ samfunnssituasjon.

– Sett vekk frå påskeferien som var ei unormalt roleg tid for oss har folk handla meir no enn tidlegare, så 2020 ser også ut til å bli eit lyst år for Ortnevik Nærbutikk. No er vi midt oppe i den mest travle tida i året med mykje hyttefolk og turistar i området, og mykje av grunnlaget for om vi går i pluss eller minus blir lagt no på sommaren. Men med meir aktivitet i bygda året rundt er vi heldigvis ikkje lengre like avhengige av ein god sommar for å klare oss samanlikna med tidlegare. No er ein god sommar meir ein bonus enn ein absolutt nødvendigheit.

Joar Oppedal og Ann Iren Østerbø er glade for at pilene peikar oppover for Ortnevik Nærbutikk, og i år har utbrotet av koronaviruset resultert i høgare omsetning. Legg merke til det heimesnekra smitteverntiltaket foran kassa beståande av eit par plankar og eit kjølebokslokk. Gjenbruk i god lokalbutikkstil!