Månadens bedrift på hnu.no

Godt synlege resultat for Høyanger Optikk

Fakta

Bedrift:

Høyanger Optikk

Oppstartsår:

1996

Bransje:

Varehandel og optisk verksemd

Tilsette:

2

Den vesle nisjebutikken i Høyanger fyller 25 år i 2021.

Mange småbutikkar i distrikta merkar konkurransen frå handelssenter og nettbutikkar på botnlinja, og nisjebutikkane er kanskje dei som slit mest. Men det finst unntak, og eit av dei finn vi i Pedrogården i Høyanger. Der held Høyanger Optikk til, ein butikk som har gått jamt og trutt med positive årsresultat heilt sidan oppstarten i 1996. Det finst fleire grunnar til suksessen, men den viktigaste er kanskje kombinasjonen av ein butikkdel med svært god kundeservice, og ein klinisk del som held seg kontinuerleg fagleg oppdatert.

– Kundane våre er i alle aldrar, og typisk heimehøyrande i Høyanger kommune eller litt utanfor kommunegrensene som i Balestrand eller på Sande. Vi har og ein del kundar med tilknyting til Høyanger, men som ikkje bur her, slik som studentar som tar høgare utdanning. Vi har nok ein fordel i at etterspurnaden etter tenestene våre held seg stabil. Alle treng å sjå godt, og då oppstår det nær sagt automatisk eit behov for synsundersøkingar og anna som vi kan tilby.

Det fortel dagleg leiar, eigar og optikar Grethe Dale, som tar seg av dei kliniske undersøkingane på bakrommet. Ute i butikken er det Silje-Kathrin Hagen som styrer. Denne delen av verksemda går og godt, mykje takka vere tett oppfølging av kundane.

– Vi har ein del stamkundar og prøver å ta godt vare på dei. Vi har til dømes ei ordning med at vi bestiller inn kontaktlinser til dei som måtte ønskje det, som vi har liggande i butikken. Då veit kunden at det ligg linser med dei rette spesifikasjonane klare hos oss, slik at vedkommande kan stikke innom og ta med seg ein pakke eller to. Det er ikkje alle som ønskjer å bestille opp og betale for store mengder med linser på ein gong, så då har vi oppretta denne ordninga, noko som har blitt tatt godt imot av dei som nyttar seg av den.

Fleksibiliteten og kundeservicen som Høyanger Optikk står for viste seg og i mars då helsemyndigheitene valde å stenge ned optikarverksemdene i landet.

– Då tok vi rett og slett bilen fatt og køyrde rundt med kontaktlinser som vi putta i postkassane til kundane. Det var ei heilt grei løysing, situasjonen vi og dei hadde hamna i tatt i betraktning.

Satsar på tørre auge

Som i dei fleste næringar er det og ei stadig utvikling i optikarbransjen, og det kjem ofte nye typar briller og kontaktlinser på marknaden. For Høyanger Optikk har det vanskelege «koronaåret» 2020 blitt eit år med ekstra fokus på fagleg fornying og investering i framtida.

– Vi deltar ein del på kurs og konferansar, og med mykje av den aktiviteten på nett i år har det faktisk blitt lettare for oss å vere med på slike samlingar. Vi har og ei satsing på gang innan behandling av tørre auge som vi kjem til å promotere og informere om meir aktivt til neste år, når situasjonen rundt koronapandemien forhåpentlegvis har kome meir under kontroll.

Høyanger kommune har eit variert næringsliv, og nokre av våre lokale bedrifter jobbar tett saman, medan andre har mindre kontakt med «naboen». Høyanger Optikk høyrer heime i sistnemnde kategori. Dei har mest kontakt med andre i bransjen.

– Vi høyrer til kjeda Alliance Optikk og har mykje kontakt med dei. Vi har og ein del med Sunnfjord Optikk i Førde å gjere, som og høyrer til Alliance-kjeda, og vi hjelper kvarandre med praktiske ting som ferieavvikling. Det er i dette miljøet at vi held oss fagleg oppdaterte og i kontakt med trendar på feltet, noko som gjer oss i stand til å gje våre lokale kundar eit best mogleg tilbod ut frå føresetnadane vi har som ein liten distriktsaktør her i Høyanger.