Gjer ein forskjell, kjøp lokalt

Desember er den viktigaste månaden for handel- og servicebransjen, og mange lokale butikkar og tenesteytarar er avhengige av ei god adventstid for å gå med overskot. I dagens Ytre Sogn går handelsstanden i Høyanger tettstad ut og oppfordrar alle til å handle lokalt i julestria, ei oppmoding vi i Høyanger Næringsutvikling stiller oss bak.

Det er viktig for dei ulike lokalsamfunna våre at det er lys i butikkvindauga, og eit levande og variert handel- og tenestetilbod. Desse verksemdene har gjerne eit par arbeidsplassar kvar, og er heilt avhengige av at vi som bur rundt legg pengane våre igjen i nærområda. Som det blir sagt i artikkelen i Ytre Sogn. Det nyttar ikkje å gå i tog når butikkane er lagt ned.

Vi i Høyanger Næringsutvikling ønskjer å nytte høvet til å bli med på oppfordringa til alle om å handle lokalt, både no før jul, men sjølvsagt også elles. Dette er ein enkel måte å bidra til å halde liv i og utvikle eigne lokalsamfunn. God kundeservice og unike handleopplevingar får du på kjøpet.

Les meir om kva handelsstanden sjølv meiner om tematikken i dagens Ytre Sogn (fredag 17. november).

Ha ein god (lokal) julehandel!

Helsing Høyanger Næringsutvikling