Månadens bedrift på hnu.no

Fureli Maskin i flytsona

Fakta

Bedrift:

Fureli Maskin

Oppstartsår:

2007, aksjeselskap sidan 2011.

Bransje:

Entreprenørarbeid for det offentlege og private.

Tilsette:

Fem fast tilsette og ein lærling frå hausten av.

 

Fureli Maskin har frå sin base i Vadheim vakse jamt og trutt dei siste elleve åra. Selskapet starta som eit enkeltpersonforetak med dagleg leiar Leif Arne Fureli som einaste tilsette, medan Fureli Maskin anno 2018 er eit aksjeselskap med fem mann i arbeid. Dei har opplevd opp- og nedturar, men Leif Arne og dei andre i bedrifta har løyst utfordringar fortløpande og tilpassa seg marknaden dei er del av.

– Det er små marginar og mange om jobbane. Entreprenørbransjen lokalt er prega av fleire selskap med ein til ti tilsette, og over der igjen finner du dei større aktørane som gjerne reiser rundt der det er arbeid. Den tøffe marknaden har gjort til at vi dei seinare åra har satsa meir mot privatmarknaden og entreprenørarbeid i hagar. Folk pussar opp både ute og inne, og vi er kreative sjeler som likar å skape flotte uterom, så det er ei nisje vi trivst godt med å arbeide innan.

Entreprenørbransjen er sesongbasert med fullt trykk om sommaren, og mindre å gjere gjennom vintersesongen.

– Akkurat no er kapasiteten vår sprengt, men vi veit at det vil komme periodar seinare med lite aktivitet. Det er ein yoyo-marknad vi opererer innafor, og derfor er det ekstra viktig å byggje seg gradvis opp. No er ikkje ambisjonen vår å bli enno fleire i Fureli Maskin, men å få stabil og god drift på det nivået vi er på. Vi skal fortsetje å levere gode tenester til kundane, og oppretthalde det gode ryktet eg føler at vi har i marknaden.

Vi har merka ei betydeleg auke i henvendingar etter at vi byrja å satse på privatmarknaden og arbeid i hagar. Vi får oppdrag frå Leikanger til Skifjorden og godt oppover i Sunnfjord, så no er vi i ein posisjon der vi sjølv i større grad kan velje kva vi ønskjer å arbeide med.Leif Arne Fureli

For Fureli Maskin er det viktig å ha gode samarbeidspartnarar rundt seg slik at kundane kan få levert ei totalløysing nær sagt uansett kva behov dei måtte ha.

– Eg opplever at næringslivet i kommunen er flinke til å nytte kvarandre, og ikkje alltid insistere på å løyse alle oppgåver sjølv. Vi er mange mindre aktørar lokalt, men saman er vi gjerne i stand til å levere eit totaltilbod som kjem både oss og kundane til gode. Det er viktig at vi spelar kvarandre gode og nyttar «naboen» framfor å til dømes reise til Førde for å finne samarbeidspartnarar der.

Leif Arne Fureli er opptatt av tilrettelegging for små- og mellomstore verksemder, og at HNU og kommunen også har fokus på dei mindre næringsaktørane.

– Kvar einaste arbeidsplass er viktig. Ei bedrift med to – tre tilsette kan ha mykje å sei for alt frå elevtalet til den lokale skulen til omsetninga på nærbutikken. Når ein summerer opp alle dei tilsette i dei mindre verksemdene vi har i kommunen blir det mange arbeidsplassar totalt, og eg skulle ønskje at det var meir fokus på og støtte til dei som har ambisjonar om å byggje opp mindre verksemder i Høyanger. Det trur eg hadde lønna seg for lokalsamfunnet vårt på sikt.

Eit variert næringsliv gjer oss mindre sårbare som samfunn. Om vi har mange mindre selskap gir det mindre risiko enn om vi satsar alle kort på nokre få store arbeidsplassar.Leif Arne Fureli

For Fureli Maskin sjølv er det ein faktor som er viktigare enn alle andre for å sikre god drift og skape nye framtidsambisjonar.

– Vi treng dei rette folka. Utan erfarne og dyktige maskinførarar blir det tungt å drive og gjerne mykje administrasjon og oppfølging frå mi side. Rekruttering er vanskeleg, og vi ser at mange søkjer seg til dei større selskapa som gjerne har betre rammevilkår enn det vi på vårt nivå kan tilby. Våre tilsette må vere motiverte og sjølvgåande, men til gjengjeld får dei også mykje ansvar og høve til å påverke sin eigen arbeidskvardag. Så med dei rette tilsette oppstår det fort vinn-vinn situasjonar for både arbeidstakar og arbeidsgivar i eit selskap som vårt.

Vi ønskjer å ta inn ein lærling frå hausten av som vi kan lære opp i dei arbeidsoppgåvene som er relevante for vår drift. Forhåpentlegvis endar vi opp med ein ferdig fagarbeidar som er godt trent i det vi driv med, og som har lyst til å fortsetje karriera si i Fureli Maskin.Leif Arne Fureli