Månadens bedrift på hnu.no

Frisk satsing i «Mediehuset Høyanger»

Fakta

Bedrift:

«Mediehuset Høyanger» – Ytre Sogn / Finurlig

Oppstartsår:

2021

Bransje:

Medier og kommunikasjon

Tilsette:

8

Namnet er ikkje klart heilt enno, men retninga er staka ut: Ytre Sogn og Finurlig har gått saman og danna eit mediehus.

Tiril (11 månadar) er nok ikkje klar for å hjelpe til heilt enno, men til sommaren, når Stig Øvreås er ferdig med pappapermisjonen, vil det bli full satsing på selskapet som enn så lenge blir omtala som «Mediehuset Høyanger». Hans eige firma – Finurlig – har no gått inn i ein ny firmastruktur med Avisføretaket Ytre Sogn.

– Det er mykje uforløyst potensiale i vårt nærområde. Og det er utruleg mykje vi som mediehus kan finne på, både i og utanfor tettstaden, seier Øvreås.

Han fortel at ei av målsettingane til det nye mediehuset er å spele ei aktiv og synleg rolle i lokalsamfunnet, både overfor næringslivet, og gjennom eit friskare lokalmediatilbod til innbyggjarane.

– Det vil til dømes være interessant å snakket med utflytta høyangerungdom på jamn basis, og det nye føretaket vil kunne være ein nyttig del av det av det kreative miljøet i bygda, legg han til.

Struktur som dei store

Øvreås er allereie tilsett som dagleg leiar i Avisføretaket Ytre Sogn, og er med det også leiar av det samla mediehuset der dei tilsette frå Finurlig også inngår som ei eiga avdeling.

– Finurlig skal halde fram som ein kommersiell del av mediehuset. Her vil vi levere kommunikasjons- og marknadsføringstenester for nye og eksisterande kundar, men det er stor synergi i også å knytte denne kompetansen til dei kommersielle og redaksjonelle delane av Ytre Sogn.

Øvreås viser til at alle dei store mediehusa i dag har eigne kommersielle produksjonsbyrå, som etter kvart har blitt stadig viktigare for å generere inntekter digitalt. Og fornyinga av Ytre Sogn er allereie i gang, mellom anna i form av ei ny nettavis.

– På den nye nettavisa har vi til dømes no eit annonsesystem frå Google, noko som skapar nye kommersielle moglegheiter, seier Øverås.

Det nye mediehuset består av åtte tilsette frå Ytre Sogn og Finurlig, her representert ved Linn Bente Grimsmo (t.v), Stig Hovlandsdal Øvreås, May Britt Eide, Solveig Larsen og Marianne Taule.

Søkjer ivrige medarbeidarar

Ytre Sogn søkjer i desse dagar etter ein journalist i full fast stilling. Øvreås håpar at dei kan finne ein kandidat som ønskjer og evnar å vere med på å vidareutvikle den lokale mediebedrifta vidare.

– Å finne riktig balanse mellom trykt avis og digital satsing er viktigare en nokon gong, men det er inga tvil om at mediebransjen går i digital retning, så det er også her at vi har vårt fokus. Ei digital satsing opnar og opp for nye formidlingsformer, noko vi alt er i gong med å prøve ut gjennom YSTV. Godt innhald er vinn-vinn. Det er meir inspirerande å jobbe med, og det gir meirverdi for lesarane.