Fotokonkurranse!

Har du fine foto frå kommunen? HNU er på jakt etter bilde som skal dekorere vindusflater i Hans Hygens gate 1 (bygget der Høyanger Apotek held til). Tre vinnarar vil bli trekt ut 12. august, og vinnarane får 1000 kroner kvar.

Kriterier:

– Bildet må vise eit landskap i Høyanger kommune, men kan gjerne ha folk eller andre objekt som motiv.
– Bildet må vere tatt med ein nyare mobiltelefon eller fotoapparat (ha tilstrekkeleg oppløysing).
– HNU må få bruksrett til å trykke bildet på vindusflater i Hans Hygens gate 1 utan vidare vederlag utover konkurransehonoraret. Fotograf vil bli kreditert.

Korleis delta:

Du kan delta i konkurransen på tre ulike måtar.

– Post bilda du ønskjer å delta med på Instagram eller på Facebook med emneknaggen #hnukonkurranse.
– Send bilda du ønskjer å delta med til HNU via Messenger på Facebook.
– Send bilda du ønskjer å delta med på e-post til post@hnu.no.

Sender du bilde direkte til oss ber vi deg spesifisere at dei er eit bidrag til fotokonkurransen.

Lykke til med fotojakta i sommar 🙂 Vi gler oss til å sjå bidraga i konkurransen!