Fødselshjelp til gode, nyskapande og framtidsretta idear

Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane skal gi fødselshjelp til gode, nyskapande og framtidsretta idèar, og gi dei ein sjanse til å utvikle seg. Dette kan vere gjennom å gi tilskot til gründarar som er i startgropa eller til bedrifter som ser nye marknader eller produkt /tenester som kan utvikle seg til bærekraftige selskap eller nye avdelingar.

Storleiken på tilskot er mest vanleg i området kr 50 000,- – 200 000,-. Midlane representerer den private eigenkapitalen som Innovasjon Norge , kommunale næringsfond og andre offentlege verkemiddel vanlegvis set krav til.

Gjennom eit aktivt styre tilfører næringsstiftinga noko som ikkje kan målast i kroner:

  • Backing frå sentrale personar innafor næringslivet
  • Råd om kven det kan vere aktuelt å prate med
  • Sjølvtillit til å gå vidare med idéen
  • Sjølvtillit til å møte andre
  • Oppfølging
  • Få idear og personar inn i nettverk/klynge med andre selskap

Vi håpar på at det er nokon gründarar i kommune som ynskjer å søke. For spørsmål ta kontakt med næringskonsulent Birgitta Hagen Kyrkjebø: Tlf 47751637; e-post: Birgitta@hnu.no

 

Søknadsfrist 29. september 2017

Meir info om fondet: https://www.spv.no/om-oss/lokalt-engasjement/naeringsstiftinga-i-sogn-og-fjordane

 

Kontaktinfo:

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane v/Jøril Hovland:

Tlf. 48219780; e-post: joeril@kpsf.no