Månadens bedrift på hnu.no

Ferskt selskap med friske ambisjonar

Fakta

Bedrift:

Cecilie & Christian AS

Oppstartsår:

2020

Bransje:

Filmproduksjon og digital innhaldsmarknadsføring.

Tilsette:

2

Cecilie & Christian AS har fått ein flying start.

For ein månad sidan fekk næringslivsfamilien i Høyanger sitt nyaste medlem. Bak filmproduksjonsselskapet Cecilie & Christian AS heimehøyrande på Kyrkjebø står Cecilie Skogheim og Christian Valsvik. Dei satsar på filmproduksjon for andre bedrifter, og filmane blir laga med tanke på publisering i sosiale medier og andre digitale kanalar, slik som nettsider og infoskjermar.

Nysgjerrig på Cecilie og Christian AS? Sjekk ut facebooksida, instagramkontoen og nettsida til bedrifta.

– I tillegg til filmproduksjon, som er hovudsatsingsområdet vårt, tilbyr vi og foto og tekstproduksjon. Om kundane ønskjer det kan vi hjelpe dei med all innhaldsproduksjon og publisering på sosiale medier, slik at dei kan bruke tida si på andre oppgåver.

Dei ferske bedriftseigarane er og sambuarar, og begge har heilt sidan barndomen likt å lage ting. Cecilie sin kreativitet har tatt mange former, medan Christian gjerne har søkt mot det tekniske.

– Eg har så lenge eg kan hugse jobba kreativt på datamaskiner med til dømes animering, 3D-modellering og musikkproduksjon. Etter kvart kom og foto og video inn i biletet. Det meste er sjølvlært for oss begge, men Cecilie har utdanning innan videomarknadsføring i sosiale medier. Ho har og arbeidserfaring som journalist, noko som kjem godt med når ein jobbar med historieforteljing.

Starten på filmkarriera til dei to kom med ein YouTube kanal som dei oppretta i sommar. Der har sjåarane fått innblikk i ulike turar som dei har vore på, og erfaringane frå verdas største videodelingsside gav meirsmak. No har hobbyen blitt til jobb, med etableringa av Cecilie & Christian AS i oktober.

– Det å kunne ha si eiga bedrift er verkeleg ein draum som går i oppfylling! Vi følte at no var tida inne, og det er dette vi brenn for å gjere, så då er det ingen grunn til å vente. Vi har tru på at om ein vil noko nok så kan ein få til det meste, og vi vil veldig!

God start for eit godt team

Sambuarparet har ulik kompetanse og fyller ulike roller i bedrifta. Cecilie er dagleg leiar og regissør med ansvar for bodskapen som skal formidlast, medan Christian er kameramann og ansvarleg for det meste av teknikken.

– Vi stolar 100% på kvarandre og har stor respekt for evnane til den andre. Det er veldig fint å kunne vere to om denne etableringa, og vi brukar mykje tid på å diskutere prosjekt og korleis vi vil løyse oppdrag oss i mellom. Vi har begge enn så lenge jobbar ved sidan av Cecilie & Christian AS, så det blir mykje kvelds- og helgearbeid, men det gir så mykje tilbake å kunne drive sitt eige selskap at det gjer ingenting.

Cecilie og Christian er i tillegg til å vere gründerar bak selskapet med same namn og sambuarar. Det gir mange fordelar under planlegging og gjennomføring av prosjekt.
Eg kan nesten ikkje tru at vi endeleg har fått starta vår eiga bedrift. Dette å kunne skape sin eigen arbeidsplass er verkeleg ein draum som går i oppfylling.Cecilie Skogheim, dagleg leiar i Cecilie og Christian AS

Responsen på arbeidet som har blitt levert så langt har vore svært god, både frå kundar og publikum. Snøballen som byrja å rulle i oktober er sjølv etter kort tid i ferd med å byggje seg større, og C&C har ikkje vanskar med å sjå for seg meir aktivitet i det nystarta selskapet deira.

– Kundane vi har hatt til no har gitt tilbakemeldingar på at dei er veldig nøgde, og vi har tett kontakt med dei også etter fullførte oppdrag. Jungeltelegrafen har alt har begynt å gå, noko som sjølvsagt er veldig stas! Planen vår er å investere fortløpande i meir utstyr så vi kan gjennomføre betre og meir avanserte produksjonar, og med det utvide marknaden vår. Til no har vi hatt oppdrag i kommunane Vik, Sogndal og Førde, men vi ser for oss at vi etter kvart vil reise rundt i heile Vestland fylke om det blir etterspurnad etter tenestene våre også andre stadar enn her i nærområda. Og så håpar vi sjølvsagt også på at bedrifter i Høyanger ønskjer å nytte seg av oss i tida som kjem.