Erfaring og nyskaping

I eit smått bortgøymd bygg på Søreide industriområde held far og son Helge og Stein Vidar i Bjordal Maskin til, ei familieverksemd som har arbeida med reparasjon og vedlikehald av maskiner og utstyr sidan 80-talet. Med åra har både kompetansen og utstyret blitt meir avansert, og dimensjonane på oppdraga og maskindelane blitt større. I dag er hovudtyngda av aktiviteten i selskapet knytt til sal av knuseutstyr og delar, mobil maskinering, lasermåling og dokumentering.

– Ein typisk jobb for oss består av at vi reiser ut til oppdragsgivar, og det kan vere alt frå steinbrot til skipsverft, for å gjennomføre vedlikehald og reparasjonar på maskiner og utstyr der. Men i dei seinare åra har vi også fått ein del oppdrag som handlar like mykje om å utvikle løysingar som å reparere dei.

I dei meir kreative oppdraga opererer gjerne Bjordal Maskin i skjeringspunktet mellom ingeniørane med planane, og dei på golvet som skal gjere idéar om til løysingar. Eit av fleire høgdepunkt i den karriera var utviklinga av ei oljevernsløysing for Frank Mohn.

– Ein av våre styrker er at vi er eit fleksibelt lite selskap med maskinerings- og måleutstyr som få om nokon andre i landet har. I tillegg til det har vi mange tiår med praktisk erfaring å støtte oss på.

Ungt blod med ny kunnskap

Då Stein Vidar på 27 år var ferdig utdanna maskiningeniør og starta i Bjordal Maskin, fekk selskapet eit nytt kompetanseløft. No har han fått ansvar for måling i selskapet, og det er ikkje akkurat meterstokk og augemål han nyttar i arbeidet.

– I 2012 kjøpte vi ein lasermålar som opererer ned på ein tusendels millimeter, og så nøyaktig må det vere om alt skal fungerer som det skal i avansert mekanikk. Denne typen lasermålar finst det kanskje ti av i heile Europa, og den einaste andre som finst her i landet er det Høgskolen i Agder som har.

Med så få målarar i omløp finst det dårleg med opplæringstilbod, så Stein Vidar måtte finne ut av korleis målaren fungerer sjølv ved hjelp av prøving og feiling, og søk på nettet.

– Lasarmålaren har i tillegg til å gjere oss betre i stand til å handtere vår eigen jobb med mellom anna linjeboring gjort oss meir attraktive i forhold til dokumentering av andre sitt arbeid. No kan vi tilby heile pakken frå å tenke ut løysingar, utføre arbeidet, og dokumentere det i etterkant.

Nytt utstyr, nye moglegheiter

Rolla som spesialisert nisjeleverandør kan vere eit krevjande tilvære med tidvis lange opphald mellom oppdraga. Bjordal Maskin er derfor i ferd med å investere i enno meir nytt utstyr som kan opne nye dører og skape moglegheiter og konkurransefortrinn. Ein ny hall er i ferd med å reise seg på industriområdet på Søreide, og i den skal eit spesielt sprøytekabinett installerast.

– I den nye hallen skal vi sette opp ein robot for termisk sprøyting. Det betyr i korte trekk at eit metallpulver blir smelta og blåst på delar som roterar på ein dreiebenk, og på den måten kan ein til dømes reparere slitasjeskader i staden for å byte delane. Dette er ein marknad vi ser eit stort potensial i, så vi vil gå spanande tider i møte når det nye utstyret kjem i operasjonell drift.

Bjordal Maskin har fått støtte frå HNU til investeringar i utstyrspark og lokale på Søreide industriområde. Vi ønskjer den flotte kompetanseverksemda lykke til med nye satsingsområde.
Denne Metso LT110 steinknusaren kjøpte Helge og Stein Vidar Bjordal i Bjordal Maskin i dårleg forfatning, for så å bruke eit uttal arbeidstimar på å gjere den om til ei maskin som er betre enn ny. Steinknusaren vart solgt etter nokre få timar ute på nettet i desember. Slike sideprosjekt er i følgje den kompetente duoen greie å ha når det er langt mellom dei store jobbane.