– Eit unikt samhald

Fakta

Bedrift:

Sparebanken Sogn og Fjordane

Oppstartsår:

Lokalkontoret i Høyanger vart etablert i 1981 som ein del av Sunnfjord Sparebank, som i 1988 var den største aktøren med under danninga av Sparebanken Sogn og Fjordane

Bransje:

Bank

Tilsette:

270 totalt. 4 på lokalkontoret i Høyanger

Månadens bedrift i desember er eit selskap som ikkje har hovudkontoret sitt i Høyanger, men som har røter som strekker seg langt tilbake i tid gjennom lokale sparebankar omkring i kommunen. Sparebanken Sogn og Fjordane sitt lokalkontor i Høyanger tel fire tilsette, og dei har heile apparatet til sparebanken i ryggen når dei skal levere sine tenester. Banksjef for bedriftsmarknaden Roy Stian Farsund og avdelingsleiar i Høyanger Siv Elisabeth Bjørkehaug fortel om ei rivande utvikling dei seinare åra, og ein endra måte å tenke bank på.

– Veldig mykje går på nettet i dag, så for oss og andre bankar er det stort fokus på å vere oppdaterte og i front med nettløysingane. Ein må ikkje som før møte opp på kontoret om ein skal ha noko gjort, men det er klart at det å ha lokalkontor og spelar ei viktig rolle. Der kjem vi i kontakt med folk, og vi får god innsikt i kva som rører seg i Høyanger og i andre lokalsamfunn i fylket.

Unike kulturar

Bedriftsbanksjef Farsund kjenner Sogn og Fjordane godt, og ser Høyangersamfunnet og næringslivet vårt med eit blikk utanfrå.

– I Høyanger står sjølvsagt industrien sentralt, nær sagt både på godt og vondt. I kommunesenteret finn du ein unik industrikultur og kompetanse som er ein stor verdi i seg sjølv, og som kan vere med på å tiltrekke seg spanande bedrifter. På same tid er industrien sårbar for konjunktursvingingar, og når bedrifter blir påverka er det ofte mange arbeidarar som blir råka. Nedlegginga av Saint Jean Wheels er eit døme på det siste.

Farsund trekk og fram sørsida av kommunen som eit område prega av ein tydeleg kultur der dei ulike næringsaktørane deler mange av dei same haldningane og verdiane.

– Sørsida er slik eg ser det prega av ein ukueleg optimisme og eit sterkt pågangsmot. Dei ulike verksemdene spelar kvarandre gode, og har gjort det gjennom mange tiår, noko som skapar synergiar og ringverknadar. Næringsaktørane tar ansvar for eiga utvikling, men søkjer samstundes samarbeid. Eg ser dette andre stadar i kommunen også, men for meg som ser Høyanger utanfrå er dette spesielt tydeleg på sørsida.

Samanlikna med resten av fylket meiner Farsund at samhaldet i Høyanger er spesielt godt.

– Eg har vore med på ulike næringslivssamlingar her og må sei at praten og diskusjonane er prega av god takhøgde, konstruktiv rådslåing og godt oppmøte. I Høyanger er det ikkje ein «seg og sitt» mentalitet, men tvert om ein utprega tendens til å vere opne og dele av eigne erfaringar og kunnskap. Det er ein kjemperessurs som dere må ta vare på, og som aktørar som HNU og kommunen bør ha honnør for gjennom tilrettelegging av møteplassar for næringslivet. Alt i alt synast eg at Høyanger kommune spelar godt på lag med næringslivet i kommunen.

Vend blikket ut

Den teknologiske utviklinga går stadig fortare, og om ein skal henge med i svingane må ein som bank konstant tilpasse seg endringane i marknaden og kundane sine behov. Dette gjeld og for resten av næringslivet, og Farsund og Bjørkehaug rådar alle bedrifter til å ha eit aktivt forhold til eiga produktportefølje, samt vende blikket ut av eiga bedrift og kommune.

– Ta med dere samarbeidsmentaliteten deres og sjå etter moglegheiter for samspel også utanfor Høyanger. Det kan vere nyttig på fleire område, som til dømes når ein skal rekruttere. Det er fullt mogleg å bu i Høyanger og for eksempel pendle til arbeid i Sunnfjord, eller andre vegen. I rekrutteringssamanheng handlar det i mange tilfelle ikkje om å finne jobb til ein person men to, og om draumejobben er i Høyanger kan det vere lurt å utvide søket litt etter jobb nummer to.

Sparebanken Sogn og Fjordane går sjølv godt, og får ros for å henge med i tida gjennom å tilby gode digitale løysingar. Det er eit arbeid som aldri tar slutt.

– Løysingane våre må kontinuerleg oppdaterast og vere i tråd med det kundane forventar. Samstundes jobbar vi sjølvsagt aktivt med å halde oss oppdaterte på både privat- og bedriftsmarknaden. Ein bank vil alltid vere i eit skjebnefellesskap med samfunnet det er del av. Om næringslivet går godt blir gjerne det gjenspegla i våre resultat, og vice versa.

Når det gjeld framtida har avdelingsleiar Bjørkehaug nokre håp knytt til kontoret i Høyanger, og aktiviteten i heimkommunen.

– Vi vil vere ein bank som folk ønskjer å nytte seg av, og håpar at innbyggjarane ser verdien av å ha eit lokalkontor. Vi er ikkje så mange her, men vi forsøkjer å vere lett tilgjengelege og ta godt vare på dei som tek kontakt. Vi ønskjer også å vere ein aktiv lokal samarbeidspartnar og støttespelar, mellom anna gjennom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Det blir kvart år delt ut titals millionar til gode prosjekt og formål i fylket, og ei av dei siste tildelingane var 150 000 til Reodorgarasjen. Dette er eit flott tiltak som også har fått mykje støtte frå eit samla lokalt næringsliv, og då er det kjekt å kunne vere med å bidra. Vi ser alltid etter prosjekt med stor lokal oppslutning, noko Reodorgarasjen er eit godt døme på. Men det kan gjerne komme fleire søknadar frå Høyanger til Sparebankstiftinga, så om nokon har gode prosjekt som fremjar mangfald, trivsel og utvikling, er det berre å søke, avsluttar Bjørkehaug.

Avdelingsleiar Siv Elisabeth Bjørkehaug delte i haust ut 150 000 kroner til Reodorgarasjen i Høyanger på vegne av Sparebankstiftinga.