Covid-19 støtte – kommunalt næringsfond

Du kan no søke om ekstraordinær støtte frå kommunalt næringsfond i samband med covid-19 krisepakke fase 3. Søknadsskjemaet som ligg på regionalforvaltning.no finn du her.

Hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon i Vestland Fylke gjorde i møte den 16/7 – 2020 vedtak om å løyve midlar til kommunale næringsfond som eit tiltak mot koronakrisa. Høyanger kommune fekk tildelt kr. 1 048 829,- etter ein fordelingsnøkkel basert på sysselsetting, næringssamansetjing, distriktsfaktor og skjøn. Målgruppa for midlane er bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar. Næringsaktør betyr i denne samanheng aktørar som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.

Det kan søkast om midlar til bedriftsutvikling og investeringar. For tilskot til bedriftsutvikling kan samla støtte frå næringsfondet som hovudregel ikkje overstige 50% av kapitalbehovet. Det er ikkje beløpsgrense for bedriftsutviklingstilskot. For tilskot til investeringar kan samla støtte frå næringsfondet maksimalt utgjere 30% av kapitalbehovet. Maksimalt tilskot til investeringar er kr. 100.000,- per prosjekt.

I vurderinga av søknadane vert det særskilt lagt vekt på:

a. i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.
b. i kor stor grad ein reknar med at tiltaket vil kunne motverke dei negative verknadane av covid-19-utbrotet.
c. kor raskt tiltaket kan setjast i gang.

Informasjon om dette må framkome i søknadane.

Midlane vert forvalta i tråd med Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet. I tillegg er det utarbeidd eigne lokale retningslinjer for bruk av midlane.

Eventuelle spørsmål knytt til utlysinga kan rettast til næringskonsulent i Høyanger Næringsutvikling AS, Birgitta Hagen Kyrkjebø, epost: birgitta@hnu.no eller telefon 477 51 637

Søknadar sendt innan 20. september vil bli handsama i eit felles vurderingsmøte. Om det framleis er midlar tilgjengeleg vil nye søknadar bli handsama fortløpande.

Vi tilrår at alle søkarar set seg godt inn i forskrift og retningslinjer. Ta gjerne kontakt med oss i Høyanger Næringsutvikling på om du har spørsmål eller ynskjer bistand i søknadsprosessen.