Månadens bedrift på hnu.no

Bygger bedrift etter «flis på flis»-metoden

Fakta

Bedrift:

Mufli Ikjefjord

Oppstartsår:

2016

Bransje:

Muring og flislegging

Tilsette:

1

Den tyske altmoglegmannen Steffen Hielscher har blitt travel i Norge.

I mai 2016 tok Steffen Hielscher steget og etablerte Mufli Ikjefjord. Som namnet skulle tilsei har selskapet base i Ikjefjord, og frå den vesle bygda med omlag 80 innbyggjarar tilbyr han murar- og flisleggertenester.

– Det er varierte dagar på jobb. Ein dag kan eg legge fasadestein på ein skorstein, ein anna sparkle og male gipsplater i eit nybygg, lakke ei trapp, eller legge ut 50m2 med granittstein på ein gardsplass. Eg gjer det meste innan mur og flis, men og andre beslekta handverkaroppgåver, om det er behov for det.

Marknaden til Mufli Ikjefjord er både privatpersonar og bedrifter i Vestland fylke, med hovudtyngda av kundar lokalisert i kommunane Høyanger og Gulen.

Er du nysgjerrig på Mufli Ikjefjord, og har lyst til å sjå dømer på prosjekt selskapet har jobba med? Sjekk ut facebook– og instagramkontoane til bedrifta!

– Eg har jobba ein del på oppdrag for Norgeshus dei siste åra, noko som har gitt meg fleire oppdrag i regionen. Elles reiser eg dit det er arbeid, så sant det ikkje er for langt vekke. Eg har mellom anna hatt oppdrag på Fedje, noko som gav tre timar reisetid med to ferjer, til og frå jobb.

100% nøgde kundar

Arbeidmengda har auka for Steffen etterkvart som han har fått fotfeste i marknaden, og ryktet om tysk effektivitet og presisjon i arbeidet har spreidd seg. Tilbakemeldingane etter fire år i drift har vore utelukkande positive, og med meir arbeid følgjer og meir logistikk, noko som kan vere ei utfordring.

– Når du reiser til ein byggeplass her i Distrikts-Norge må du ha tenkt nøye igjennom kva du treng av utstyr og material, for om ein skulle mangle noko må ein ofte reise langt, eller endre på planane. Ein må derfor gjerne vere litt fleksibel, og finne gode løysingar på situasjonar som måtte oppstå.

Og det er ikkje berre bruk av materialar og utstyr som krev planlegging. Vêret spelar og ei viktig rolle for Steffen.

– Eg lærte meg tidleg å sjekke yr.no og tilsvarande vêrmeldingstenester, for visse typar arbeidsoppgåver i min bransje krev visse typar vêr. Eg kan til dømes ikkje pusse skorsteinar eller legge fliser om det er 25 grader i skuggen eller direkte sollys, for då tørkar lim og puss for raskt. Regn kan og sette ein stoppar for visse arbeidsoppgåver ute, så då gjeld det å ha andre ting ein kan gjere på under tak.

Som framleis relativt fersk i bransjen er det å bygge eit godt omdøme viktig for Mufli Ikjefjord. Steffen strekk seg derfor langt for å få glade kundar.

– Det er ikkje alltid eg kan utføre alle ønska kunden måtte ha med ein gong, men eg har alltid eit mål om at kunden skal bli nøgd og sikker på at vedkommande tok eit riktig val ved å velje meg. Noko av det kjekkaste med denne jobben er å ha ein dialog saman med kundane og leverandørar, og saman finne ut kva som er rett løysing og kva som gir best sluttresultat for kunden. Ein lærar stadig noko nytt, og nye måtar å gjere ting på i denne jobben.

Mykje å sette seg inn i

Mange som vurderer å starte si eiga bedrift er usikre på om det er lurt, og slik var det også for Steffen. Mykje er forskjellig i Norge samanlikna med Tyskland, men med ei offensiv tilnærming til livet som sjølvstendig næringsdrivande har han på kort tid fått store mengder ny kunnskap.

– Det var sjølvsagt utfordrande i starten å få kundar, slik det er for dei fleste som startar frå bar bakke. Det var og mykje å sette seg inn i med tanke på kva materialar som er tilgjengelege og vanlege å nytte i Norge, men det finst og dømer på skilnadar mellom Tyskland og Norge der Norge slår best ut. Det å starte sjølve bedrifta var til dømes gjort på eit par minutt saman med rekneskapsføraren min, medan det i Tyskland krev mykje meir papirarbeid.

No for tida er Steffen i full sving på kveiteoppdrettsanlegget til Sogn Aqua i Ortnevik. Med travle dagar kjem tankar om å kanskje bli fleire i selskapet, men så langt består Mufli Ikjefjord av ein mann.

– Når det er mange oppdrag eller tungt arbeid hadde det sjølvsagt vore greitt å vere fleire enn berre meg her, men det kan og vere veldig greitt å vere aleine, med den fleksibiliteten det gir. Eg føler meg veldig heldig som kunne starte mi eige bedrift i 2016, og sjå utviklinga og veksten som har kome kvart år sidan den gongen.