Månadens bedrift på hnu.no

Bryggar på noko stort

Fakta

Bedrift:

Kvernafossen Bryggeri

Oppstartsår:

2015

Bransje:

Bryggeri

Tilsette:

3 eigarar og innleigd hjelp på timesbasis

Kvernafossen Bryggeri har fått ein knallstart i Vadheim, og ønskjer å etablere fleire tilbod i tida som kjem.

2. juli opna Kvernafossen Bryggeri sitt butikkutsal i det gamle Viken-bygget i Vadheim. Med perfekt plassering like ved krysset der E39 møter F55, og med 600m2 boltreplass tilgjengeleg, ligg alt til rette for godt besøk, vekst og utvikling for bryggeriet som har i overkant av ein halv million i årleg omsetning. Øystein Adler Øvrebø er ein av tre eigarar, og primus motor i prosjektet.

– Det heile byrja som eit hobbyprosjekt for meg og to kompisar der vi heldt bryggekurs og brygga sjølv for den lokale marknaden i og rundt Sande. Mottakinga var god, så i 2017 klinka vi til og investerte i ei flunkande ny produksjonslinje. Da vart hobby for alvor næring, med lån og høgre utgifter, men og større omsetning. Det vart ein periode med «vinn eller forsvinn» for vår del, og vi er her enno, så vi må vel kunne sei at resultatet vart vinn.

Kvernafossen kom på marknaden i ei tid der handverksøl var i vinden og fleire mikrobryggeri vart etablert. Eit aukande fokus på kortreist mat og drikke, også frå dei store butikkjedane, skapte og vind i segla for bryggeriet på Sande.

– Det var faktisk kjedane som kom til oss og ikkje motsett for å sikre seg vårt øl i sine butikkhyller. Vi valde til slutt Coop-kjeda som vår distributør, så det er primært i deira butikkar at du kan finne øl frå Kvernafossen.

Etterspurnaden etter dei gylne dråpane frå Kvernafossen Bryggeri har vakse jamt og trutt med åra.

Kindereggbryggeriet

Kvernafossen Bryggeri kan i teorien produsere opp til 1000 liter øl om dagen, så sant dei har store nok tankar tilgjengeleg, men i praksis bryggar dei omlag 50 000 liter årleg. Med innpass hos Coop og med den moderne produksjonslinja på plass endra kvardagen seg noko for det lokale bryggeriet.

– Før eksperimenterte vi gjerne meir og brygga oftare mindre volum av det vi hadde lyst til å lage der og da. No har produktutvalet vårt blitt meir standardisert, mykje grunna at butikkjedane vil ha det så enkelt og forutsigbart som mogleg. Denne utviklinga er nok berre ein naturleg konsekvens av det å bli større, og ein del av eit profesjonelt distribusjonssystem.

Sjølv om ølbrygginga er primæraktiviteten til Kvernafossen Bryggeri er dei og aktive på event- og arrangementsfeltet.

– Vi har planar både med Malena Kafé og Sogn Hotel om å lage blåturpakkar og ølsmakingskveldar for gjestane deira, og vi har faktisk alt hatt den første lokale bedrifta innom på ølsmaking. Sognefjord Bryggeri er og involvert i planane. Dei vil ikkje stå for drikkevarene, men vil kunne ta med gjestar på turar i RIB-båt.

Adler Øvrebø vil saman med dei andre lokale samarbeidspartnarane bruke hausten og vinteren på å gjere planane om til realitet, og er og open for nye samarbeid.

– Mottakinga vi har fått av innbyggjarane og anna næringsliv i og rundt Vadheim har vore veldig positiv. Eg trur mange set pris på at det har kome ny aktivitet i Viken-bygget, og heiar på prosjektet vårt. Når vi kjem i gong med brygginga her nede vil få eit konsept som er unikt i Norge. Det lukka produksjonssystemet vårt gjer det nemleg mogleg for oss å brygge ølet i dei same lokala som vi har butikken og puben vår, så dette blir eit kindereggbryggeri der du får alt-i-eitt. Vi håpar at det kan vere eit ekstra trekkplaster som vil gjere bryggeriet vårt enno meir unikt og interessant å besøke for ølentusiastar i åra som kjem.