Bli med på næringstur!

Næringsturen i regi av HNU onsdag 7. juni vil ha oppstart på Nordeide klokka 08.30 der Tansøy vil frakte reisefølgjet til verdas største landbaserte kveiteanlegg i Ortnevik. Der vil Sogn Aqua i tillegg til ein generell orientering presentere eit nytt «pilotkveiteanlegg».

Ortnevik har fleire verdsrekordar å by på, og der Sogn Aqua har satsa på verdas største har Anders Brekke gått motsett veg og bygd verdas minste stavkyrkje. Eit besøk til stavkyrkja og den omkransande skulpturparken blir siste stoppestad i Ortnevik før turen går vidare utover til Osland Settefisk, Østerbø Maskin, industriparken på Søreide og Osland Havbruk. Næringssjef Terje Søreide fortel om eit tett program, og at det i tillegg til bedriftsbesøk vil bli ei orientering om kraftutbygging på Østerbø.

– På Østerbø vil vi få høyre litt om SFE/BKK sine planar for Østerbø Kraftverk, som nyleg starta utbygginga si. Kraftstasjonen skal byggast 600 meter inne i fjellet og hente vatn frå magasinet i Nykjevatnet. Det skal produserast 165 GWh og vere klart for levering av straum frå 2020.

Etter ein ny stopp på Massnes Villmarksmuseum blir Sognefjorden kryssa på ny og ein synfaringsrunde i nye Lavik sentrum står for tur. Det blir også stopp i Vadheim på industriparken der.

– Med på heile turen har vi foredragshaldar Rasmus Mo, ei eldsjel frå fotballmiljøet i Sogndal. Han arbeider tett på elitelaget og vil mellom anna snakke om kva han meiner skal til for å vere ei «elitebedrift». Etter ein innhaldsrik tur med mange besøk og ny inspirasjon avsluttar vi ved SIVA sitt bygg på Kyrkjebø. Der vil grillen stå klar med passande mat og tilbehør.

Næringssjefen hintar om at det kan kome meir fag og kultur utover ettermiddagen, og håper at så mange som mogleg har høve til å bli med både på rundturen og på minglinga rundt grillen i etterkant.

PRAKTISK INFORMASJON

Det vert sett opp buss frå Ortnevik tilpassa tall deltakarar. Ingen treng derfor å ta med bil, men ta gjerne med ein kollega. Vi ønskjer ein rask respons om du vert med oss på næringsreisa, seinast 2. mai pr. e-post til terje@hnu.no.

Endeleg program for dagen kjem i god tid før avreise.