Månadens bedrift på hnu.no

Driftsleiar Isak Menes (t.h) i Nodus har kompetansen i orden, og er ofte involvert i kursing av andre.

Best på HMS

Fakta

Bedrift:

Nodus

Oppstartsår:

2000, under namnet Høyanger Bygg og Renholdservice AS

Bransje:

Vedlikehald og industrireinhald, kurs og utvikling av opplæringsmateriale

Tilsette:

2 til 4, alt etter arbeidsmeng og sesong

Kompetanse i toppklasse og stor breidde i arbeidsoppgåver er sentrale stikkord for Høyangerverksemda Nodus AS.

Selskapet vart starta av Terje og Evy Anne Lillehauge i 2000 på oppmoding frå Høyanger Metallverk, som den gong var på jakt etter ein samarbeidspartnar til å løyse vedlikehalds- og reinhaldsoppåver under ekstra krevjande arbeidsforhold. Sidan starten for 18 år sidan har den vesle spesialistverksemda mellom mykje anna støvsugd 1300 traverskraner under taka på metallverket, eit område kjenneteikna av store høgder og høge temperaturar. Og om du skulle lure på kor mange uhell dei har hatt, er svaret null. Driftsleiar sidan 2010 Isak Menes fortel om eit eksepsjonelt stort fokus på tiltak som tryggar arbeidet, og omfattande dokumentasjon av jobbar som blir gjort.

– Vi har investert i mykje spesialutstyr for å kunne løyse kundane sine oppgåver, men den viktigaste ressursen vår er kompetansen. Same år som eg vart driftsleiar skifta vi namn til Nodus og starta produksjon av læremateriale innan helse, miljø og sikkerheit (HMS), slik at andre også kunne få nytte av kunnskapen og erfaringane som vi har opparbeida oss.

Lista over type oppdrag Nodus tar på seg er svært lang sett opp mot tal tilsette i bedrifta. Etter å ha tatt over glasfirmaet B. Solberg Eftf. har Høyanger Bygg og Renholdservice/Nodus også sidan 2003 tilbydt tenester innan glasarbeid til næring og private, og i dag er glas til køyretøy det viktigaste produktet.

– Vi har utvikla ein eigen standard som hindrar vindauge i køyretøy i å bli matte, noko som er viktig med tanke på tryggleik og økonomisk fordelaktig sidan ein ikkje treng å byte ruter så ofte. Løysingane våre har vore såpass suksessfulle i Høyanger at Hydro har valt å vidareføre løysinga til fleire verk, til dømes i Quatar.

HMS som varemerke

Store høgder, høg varme, og mykje støv og gass er normale arbeidsomgjevnadar for Nodus, noko som har gjort eit stort fokus på tryggleik heilt nødvendig for kompetanseselskapet.

– HMS har på ein måte blitt varemerket vårt, og noko vi er kjent for også langt utanfor kommunegrensene. Viktige kundar for oss som Høyanger Metallverk og Nyrstar satsar sterkt på miljø, så denne sida av HMS har også fått eit aukande fokus dei seinare åra. Vi har mellom anna investert i ei feiemaskin til 1,7 millionar som er spesialbygd for å handtere dei ulike stoffa ein finn hos desse verksemdene.

Med HMS-kompetansen i botn tilbyr Nodus i dag nettkurs innan brannvern, risikovurdering, maskiner og reiskap, smittevern og mykje anna. Isak er også godkjent instruktør for kurs innan fallsikring, stillasbygging og personløfter, så det er liten tvil om at dei som nyttar seg av Nodus sin kompetanse er i trygge hender.

– Eit av prosjekta vi er i gang med no er produksjon av læremateriell for brannvernleiarar saman med brannsjefar her på Vestlandet. Eit oppdrag der vi møter mykje velvilje i fagmiljøet, noko som sjølvsagt er inspirerande i arbeidet.

Tillit mellom oss og kundane er alfa og omega. Det handlar om å gjere jobben trygt og kunne dokumentere den, så HMS og kvalitetssikring følgjer oss i alt vi gjer.

I tett samspel med andre

Nodus er ein liten men viktig puslespelbit i Høyanger-industrien. Isak Menes fortel om tett samarbeid med Høyanger Metallverk og Nyrstar, men dei har også fått god hjelp av andre verksemder, som Per A. Øren og Kvalitetslosen, no Compilo.

– Det var John Tonheim i Compilo som råda oss til å starte produksjonen av filmar til opplæring av personale, og han hjelpte oss med å skrive ein søknad til Innovasjon Norge som vi fekk innvilga, og som gjorde oss i stand til å satse på dette feltet. Vi har fleire slike dømer på godt samarbeid mellom lokale næringsaktørar som hjelper kvarandre, og mange av tenestene vi tilbyr har vakse fram i dialog med kundar og andre bedrifter. Det synst eg er eit flott trekk ved næringslivet i Høyanger.

Menes fortel også om eit solidarisk næringsliv.

– Vi er svært spesialiserte innan eit smalt område, så arbeidsmengda kan variere stort. I periodar kor vi har hatt utfordringar med lite arbeid har fleire kundar og andre verksemder snudd seg rundt for å hjelpe til. Denne solidariteten er sjølvsagt svært positiv for dei som kan få hjelp i tyngre tider, samstundes som det gagnar næringslivet som heilskap sidan verksemder, kompetanse og tilbod kan bestå.

Det er mykje og variert kompetanse i Høyanger. Programvara vi nyttar til å dokumentere kompetansen vår er lokalt utvikla av Lars Jonas Pedersen i Artsys, og filmproduksjonane våre er også dømer på kva ein kan få til i nærområda. Der fekk vi mellom anna god hjelp på lydsida frå Bjarte Johansen, som no er del av OnCue.

Oppfordrar til samling

Som for mange andre mindre selskap er det tøft for Nodus å få endane til å møtast månad etter månad, og basert på eigne erfaringar frå oppstart og drift har dei eit konkret forslag til kva tiltaksapparat som HNU kan gjere for å lette tilværet for dei som ønskjer å starte næring i mindre skala.

– Det går som regel ein god del kapital berre til å dekke dei faste utgiftene utanom sjølve drifta. Om ein kan danne felles plattformer eller næringsklynger der mindre bedrifter kan samarbeide om ting som rekneskap, kontorarbeid, verkstad, internett, mannskap og andre felles driftsutgifter, kan resultatet bli ei langt lettare drift for dei som er involvert. Det er mange flinke folk i Høyanger som kan bli eller er gründerar, men dei manglar gjerne kapital og/eller erfaring. Med ei slik satsing vil HNU få mykje igjen for pengane, og nye verksemder vil kunne fokusere på nye tenester og produkt framfor strømutgifter og kjøp av kopimaskin.

Ein ser ofte at samlingar av mindre verksemder fører med seg mange positive synergieffektar. Ein kan dele på driftsutgifter, gjere jobbar for kvarandre, samarbeide om marknadsføring, og i det heile finne mange smarte løysingar saman. Kanskje ein burde satse på ei slik næringsklynge i Høyanger?