Månadens bedrift på hnu.no

Alt på eitt plan

Fakta

Bedrift:

«2 etg. i Sæbøegården» (Sæbøe Butikkdrift AS og AS Høyanger Bok og Papir)

Oppstartsår:

1982

Bransje:

Klede, kafé, bokhandel, ++

Tilsette:

3 faste + lørdagshjelp

2. etasje i Sæbøegården i Høyanger byr på det meste til dei fleste.

Åse Christin Sæbøe kjem frå ein handelsfamilie som har omlag 90 år med butikkdrift bak seg i Høyanger. I dag driv ho det som på folkemunne blir omtalt som klesbutikken Kleopatra, kaffebaren og bokhandelen i 2. etasje i Sæbøegården, og felles for alle verksemdene er eit rikt og variert vareutval.

– Det er nok ein føresetnad for å drive butikk innan detaljhandelen her i distrikta at ein har produkt som treff ein så stor del av den lokale marknaden som mogleg. Med innkjøp av små parti av ulike varer er det vanskeleg å konkurrere på pris opp mot netthandelen og større aktørar, men det er heller ikkje der fokuset vårt ligg. For oss er det viktig å tilby kvalitetsprodukt som ikkje alle har. Vi håpar at det gir eit særpreg til oss som butikk, og til varene som folk får med seg heim.

Tett oppfølging og god kundeservice står også sentralt i Sæbøegården, noko som har gitt mange stamkundar.

– Det har skjedd fleire gongar at kundar har villa kjøpe klesplagg som eg veit at dei alt eig frå før, og vi har kundar som delegerer til oss å ordne med gåver og liknande. Så det er ein stor grad av tillit mellom oss og kundane våre, noko vi trur gavnar begge partar.

Sosial møtestad

Påstanden om eit breitt vareutval frå Åse Christin kan lett underbyggast med fakta. Om ein står midt i 2. etasje i Sæbøegården kan ein sjå varetypar som bunadssølv, parfyme og sminke, koffertar, interiørartiklar, leikar, klede, bøker, souvenirar og kontorrekvisita, berre for nevne noko. Men det er ikkje berre varene som trekk folk til Sæbøegården. Butikkane og kaféane i bygget er for mange eit fast samlingspunkt og ein møtestad i Høyanger. Her blir tippekupongar levert, klesmote diskutert, og pratar slått av over ein kaffikopp.

– Mange har nok som fast rutine å stikke innom oss, og då kanskje særleg kaffebaren. Etter to månadar med stenging i vår grunna koronasituasjonen opna vi opp igjen i midten av mai, men vi merkar at folk vegrar seg noko for å gå på kafé enno. Det vil nok ta ei stund før alt er tilbake til normalen, men vi håpar at den sedvanlege drøsen frå kaffebaren snart er på plass igjen.

Er dette den same buksa som dottera mi har?Åse Christin kjenner sine kundar godt, og hjelper dei med meir enn å finne rett storleik på kleda…
Med koronastengt kafé nytta Åse Christin høvet til å snu ein vanskeleg situasjon til noko framtidsretta. Lokala har nemleg gjennomgått litt oppussing dei siste vekene, eit tiltak som vart finansiert av huseigar.

– Koronaen har hatt stor innverknad på oss som på andre handelsverksemder. Vi driv alt med små marginar sånn som det er, særleg innan klesbransjen, så alt som fører til fall i omsetninga er krevjande. Men vi prøver å gjere det beste ut av det, og her må vi få lov til å gje honnør til huseigar som i tillegg til å dekke kostnadane ved oppussinga har vore villig til å redusere husleiga i ei tid prega av inntektssvikt.

Nokre varegrupper, som til dømes brettspel, har hatt ei auke dei siste to månadane, men den totale omsetninga for 2. etasje i Sæbøegården har ikkje vore som den pleier på vårparten. Visse marknadar har også så godt som forsvunne «over natta».

– Vi har naturleg nok svært låg omsetnad på bunadssølv med konfirmasjonane flytta og felles 17. mai-feiring avlyst. No på våren er dette ei viktig varegruppe for oss, så vi håpar at folk handlar bunadssølv og anna igjen til hausten, når konfirmasjonane skal gjennomførast.

I koronatida har Åse Christin fått fleire spørsmål om dagens situasjon trugar drifta i 2. etasje i Sæbøegården. Med den usikre situasjonen som er kan ein aldri vere heilt sikker, men ho håpar dei vil kome seg over kneika.

– Folk spør om vi risikerer å måtte legge ned, noko vi vel å tolke som at dei bryr seg om oss og ønskjer at vi skal vere ein del av handelslivet i Høyanger også i framtida. Det set vi pris på, og det ønskjer vi også å vere, men det er klart at vi no meir enn nokon gong tidlegare er avhengige av at folk handlar lokalt.

Har du næringslivsrelaterte spørsmål knytt til situasjonen rundt koronautbrotet i Høyanger kommune, eller ønskjer å diskutere konkrete situasjonar rundt di verksemd? Ta gjerne kontakt med oss i HNU, så tar vi ein prat.