890 000,- til næringslivsprosjekt i Høyanger

Høyanger Næringsutvikling (HNU) har gitt ti ulike prosjekt ekstraordinære koronatilskot.

I samband med den nasjonale ordninga «covid-19 krisepakke fase 3» fekk Høyanger kommune i august tildelt 1 048 829,- frå Vestland fylkeskommune. Løyvinga er meint som eit tiltak som kan vere med på å motverke dei negative effektane som koronapandemien har hatt på næringslivet, og den har som føremål å gje lokale verksemder høve til å søke om støtte til framtidsretta prosjekt.

No har HNU handsama søknadane som vart sendt inn til første søknadsfrist 20. september, og har gitt ti ulike prosjekt til saman 890 000,- i tilskot. Næringskonsulent Birgitta Hagen Kyrkjebø i HNU er godt nøgd med prosjekta det har blitt søkt om støtte til.

– Det er kjekt å sjå den offensive tilnærminga lokalt næringsliv viser, og at bedriftene grip moglegheitene som denne ekstraordinære krisepakka gir. Ordninga har fått positiv respons, og det har blitt søkt om støtte til mange gode prosjekt.

Formålet med «covid-19 krisepakke fase 3» er ikkje å kompensere for tapte inntekter, men å stimulere til vidare utvikling og vekst. Hagen Kyrkjebø meiner at søknadane som har kome inn vitnar om at lokale bedrifter evnar å sjå framover i ei for mange vanskeleg tid.

– Desse tilskota kan forhåpentlegvis vere med på å gje bedriftene høve til å skape ny aktivitet, og vi ser at mange som har hatt utfordringar gjennom 2020 tilpassar seg situasjonen vi står i som samfunn og tenkar nytt.

I tildelinga frå Vestland fylkeskommune i august vart det lagt vekt på at midlane skulle kome raskt ut i næringslivet. No to månadar seinare er det meste av den fylkeskommunale løyvinga delt ut, og prosjekt kan starte opp.

– Denne ordninga er både effektivt og konkret innretta. Det er berre godt definerte prosjekt som får tilskot, så her vil vi sjå handfaste resultat innan kort tid. Støtta som er tildelt vil og først bli utbetalt når ein kan vise til reell framdrift i prosjekta.

Tildelingane som no er gitt vil stryke eksisterande næringsliv i Høyanger kommune, men det finst og dømer på prosjekt som har fått støtte som kan kome til å skape heilt ny lokal næringsverksemd.

– Alt i alt håpar vi at desse midlane kan utgjere ein forskjell, og at dei kan vere med på å hjelpe bedriftene som valde å søkje og som fekk gjennomslag med å nå målsettingane sine.

For å sjå ein oversikt over prosjekta som er tildelt støtte, sjå dokumentet Tilskot covid-19 krisepakke 3