Månadens bedrift på hnu.no

20 år i 2020

Fakta

Bedrift:

Frisøren i Meieribygget

Oppstartsår:

2000

Bransje:

Frisør

Tilsette:

2 fast tilsette.

Frisøren i Meieribygget spelar ei rolle i lokalt handelsliv som du kanskje ikkje har tenkt over…

Elin Trude Øren og Annette Vamråk har arbeida høvesvis 23 og 25 år i frisørsalongen i Meieribygget i Høyanger. I dei siste 20 har dei sjølv vore eigarar av verksemda.

– Vi vart brått kasta ut i det å drive ein frisørsalong då Ellen Steen som vi jobba hos vart sjuk og måtte slutte. Den gongen fekk vi god hjelp frå Petter Sortland i HNU under etableringa, og etter oppstart har vi halde dørene opne gjennom to tiår. Det må vi sei at vi er ganske stolte over å ha fått til!

Med fire frisørsalongar i ein radius på 50 meter i luftlinje er frisørtettleiken i Høyanger sentrum høg, men det betyr ikkje at det er rolege dagar i «meierisalongen» av den grunn.

– Vi er kanskje for mange frisørar lokalt når ein legg folketalet til grunn, men hos oss er det stort sett travle dagar. Mange av kundane våre kjem fast, og bestiller gjerne ny time så fort den førre er over. Sånn sett har vi ikkje like mange telefonbestillingar og drop-in-timar no som det vi hadde før.

Levande reklameplakat

Praten sit laust hos Frisøren i Meieribygget, og Elin Trude og Annette kan i nokre tilfelle vere vel så mykje samtaleterapaut som frisør. Det er ei rolle dei trivst godt med.

– Dette er definitivt eit sosialt yrke, og vi blir godt kjent med mange av kundane våre. Vi har eit inntrykk av at frisørtimen er eit lite høgdepunkt på dagen for ein del, og det er alle dei trivelege kundane våre som gjer til at vi og trivst. Det er aldri kjedeleg på jobb.

Samtalane i salongen kan ha mange tema, og eit som gjerne går igjen er kva varer og tenester som til ei kvar tid er for sal i industribygda.

– Vi er ofte innom butikkane rundt oss, og det er ikkje uvanleg at praten under ein klipp går rundt produkt som er til sals i Høyanger. Så det er nok ein del av dei som har vore innom oss som går rett til andre lokale handelsaktørar med ny inspirasjon, eller konkrete tips til gode kjøp.

Som lokalpatriotar følgjer vi nøye med på kva som skjer av etableringar av nye verksemder og arbeidsplassar, og vi er mellom anna spente på kva som kan kome av aktivitet i Høyanger Næringspark.Elin Trude Øren og Annette Vamråk

Bransjetrendar

Dei to frisørane i Meieribygget fortel om langt færre stylingoppdrag no enn tidlegare, og trur årsaka er større tilgang på stylingverktøy til heimebruk og dei mange tipsa ein finn på nett gjennom til dømes bloggar og videoklipp. Konkurransen er og hard innan stylingprodukt, særleg frå daglegvarekjeder og nettaktørar som tilbyr rimelege produkt av variabel kvalitet. Frisøren i Meieribygget satsar derfor på kvalitetsprodukt som tek godt vare på håret.

Av andre trendar verdt å merke seg har bruken av permanent hatt ein nedgang på 30% på landsbasis, og at menn har blitt meir opptekne av å vere velstelte på håret enn tidlegare. Farging av hår er populært i alle aldrar, og for begge kjønn.

Alle arbeidsplassar tel

Som ein 20 år gamal aktør innan handel og tenesteyting har Frisøren i Meieribygget vore med på fleire opp og nedturar i lokalsamfunnet dei er ein del av. Erfaringane frå dei to siste tiåra har gjort Elin Trude og Annette over snittet engasjerte i Høyanger, og dei er særskild opptekne av at dei mindre verksemdene ikkje skal bli gløymd i den store samanhengen.

– I eit samfunn som Høyanger er alle arbeidsplassar gull verdt, og sjølv om verksemder som vår ikkje sysselset mange årsverk, er det viktig at vi som er små og blir tatt på alvor. For nokre år sidan fekk vi bli med anna lokalt næringsliv på ein rundtur i kommunen arrangert av HNU, noko som var både kjekt, nyttig og inspirerande. På den typen samlingar er det viktig at alle delar av næringslivet er representert. Dei mindre verksemdene innan handel- og tentesteyting kan ha innspel og refleksjonar frå sin unike ståstad som kan skape nye perspektiv på utfordringar og moglegheiter som vi i fellesskap står ovanfor.

Elin Trude og Annette fortel om eit sterkt kollegialt samarbeid internt i Frisøren i Meieribygget prega av hardt arbeid og mykje fleksibilitet, og dei to har tru på at samarbeid også mellom lokale verksemder kan vere ei suksessoppskrift.

– Personleg service og samhald er noko som kan skilje oss frå konkurransen på nett og aktørar i meir tettbygde strøk. Handelsverksemdene i Høyanger sentrum er små og til dels sårbare, og då er det ekstra viktig at vi framsnakkar, støttar opp om og promoterar kvarandre. Det vil gagne oss alle på sikt.