Månadens bedrift på hnu.no

100% Høyanger for Sognefjord Bygg

Fakta

Bedrift:

Sognefjord Bygg

Oppstartsår:

2015

Bransje:

Totalleverandør innan bygg

Tilsette:

6

2020 blir eit godt år for bedrifta som har heile sin marknad i heimkommunen.

Sognefjord Bygg er heimehøyrande på Kyrkjebø og arbeider med alt frå mindre oppussingsprosjekt til komplette nybygg. Dagleg leiar Are Øvreås fortel om fleire opp- og nedturar i bedrifta si fem år lange levetid, men status per 2020 er at Sognefjord Bygg no går betre enn nokon gong.

– Det har vore nokre utfordrande år for oss, men 2020 ser ut til å bli eit vendepunkt reint økonomisk. Det er for tida veldig høg aktivitet i bransjen lokalt, og mange oppdrag både for privatpersonar, bedriftsmarknaden og det offentelege. Særleg på sørsida av kommunen har det skjedd mykje dei siste åra, og vi har vore heldige som har fått ta del i veksten som har vore der.

Koronapandemien har råka ulike bransjar hardt det siste halvåret, men for byggenæringa har det frykta viruset gitt ein oppsving. Folk har vore meir heime og fritidsaktivitetane har blitt færre, noko som har trigga vår nasjonale felleshobby, nemleg oppussing.

– Mange privatkundar har hatt behov for hjelp med små og store prosjekt dei siste månadane, men vi har og fått meir aktivitet på bedriftssida i år enn vi har hatt tidlegare. Eg vil påstå at vi har eit godt fotfeste i den lokale bedriftsmarknaden, noko som sjølvsagt er kjekt og noko vi tar som eit teikn på at vi har eit godt rykte på oss.

Usikker framtid

Meldinga som kom frå Nyrstar i byrjinga av september om at fabrikken i Høyanger med 36 tilsette truleg vil bli lagt ned har skapt stor usikkerheit i lokalsamfunnet. Høyanger har tapt mange industriabreidsplassar dei siste tiåra, og det er berre to år sidan eit tilsvarande tal tilsette mista jobben ved felgfabrikkent til Saint Jean Wheels. For Sognefjord Bygg, som har alle sine kundar i heimkommunen, skapar slike nyhende bekymring.

– For oss er det avgjerande at nedlegginga av Nyrstar i Høyanger ikkje fører til ei for negativ stemning i bygda. Prosjekt blir gjerne sett på vent eller lagt ned i tider med stor usikkerheit og uro, og ringverknadane av ei slik nedlegging kan vere store. Det er mange lokale bedrifter som har jobba tett med Nyrstar over lengre tid, men det er og mange meir indirekte konsekvensar, slik som ei potensielt minkande oppdragsmengd og aktivitet for oss og heilt sikkert også for andre.

Sjølv om det har vore fleire tilfelle av dårleg nytt for Høyangersamfunnet dei siste åra er Øvreås likevel optimistisk for framtida. Han meiner at endringane som er i lokalsamfunnet gjer næringslivet i Høyanger ekstra skjerpa.

– Vi opererer i eit samfunn som er i konstant omstilling. Marknadane endrar seg heile tida, og det er bølgedalar og toppar om kvarandre. Det gjer til at vi som bedrifter og må vere kjappe og evne å gripe dei sjansane som byr seg. På dette området vil eg og sei at bedriftene i kommunen er flinke til å snakke saman og finne løysingar i lag, og her har nok HNU spelt ei viktig rolle som fasilitator for ulike samlingar der vi som næringsaktørar kan møtast og diskutere aktuelle problemstillingar på ein uformell måte. Det skapar grobotn for samarbeid innad i ulike bransjar, men og opp mot andre næringar som ein ikkje nødvendigvis møter i det daglege arbeidet.

God innsikt i kva ulike lokale bedrifter kan tilby er og ein styrke for kundane, i følgje Øvreås.

– Eg har eit kontaktnett på telefonen som gjer meg i stand til å hjelpe kundar med nær sagt kva det måtte vere. Om det er arbeidsoppgåver der vi ikkje har kapasitet eller kompetanse til å levere kan eg garantert finne nokon som kan det. Vi er flinke til å finne løysingar saman i Høyanger.

Ein tilsett i ei anna lokal bedrift sa til meg ein gong at «det finst utrulig mange flinke folk, vi veit berre ikkje om dei». Det er nok ei utfordring for mange bedrifter, men her i Høyanger meiner eg likevel at vi som næringsaktørar er flinke til å jobbe saman om å finne gode løysingar i samspel med kundane våre.Are Øvreås, dagleg leiar i Sognefjord Bygg

Sparringpartner

Målsettinga til Sognefjord Bygg framover er å stabilisere drifta på eit økonomisk sunt nivå med dagens bemanning. Vidare vekst i den lokale marknaden er vanskeleg, og ei større satsing i regionen vil bli krevjande. Øvreås meiner det bør vere nok arbeid for bedrifta i kommunen også framover, og peikar mellom anna på behovet for vedlikehald av kommunale bygg.

– Det er mykje etterslep på kommunal eigendom i Høyanger, og her må det gjerast tiltak om ein skal sikre eit godt tenestetilbod og ein god standard for innbyggjarane våre. Vi ønskjer å vere ein konstruktiv sparringpartnar for både det offentlege og bedrifter som har prosjekt på trappene, og som ønskjer gode og kostnadseffektive løysingar. Vi har kompetanse og vår unike innfallsvinkel når problemstillingar skal diskuterast, og vår erfaring er at vi saman med kundar og bedrifter frå andre relevant fagfelt gjerne finner dei beste måtane å gjere ting på.