Månadens bedrift på hnu.no

100 år med handel

Fakta

Bedrift:

Manufakturen Høyanger

Oppstartsår:

1921 (Høyanger Samvirkelag)

Bransje:

I hovudsak kle og sko for barn, menn og kvinner.

Tilsette:

I overkant av to årsverk fordelt på fleire stillingar.

 

Manufakturen i Høyanger er ei særs tradisjonsrik forretning midt i Høyanger sentrum med røter tilbake til etableringa av Høyanger Samvirkelag i 1921. I dag er det Åse Randi Sæbø som leiar verksemda, og ho fortel om mange endringar gjennom åra. No som før er det viktig å halde seg oppdatert på kva kundane ønskjer av produkt, og tilpasse seg svingningar i tida.

– Vi må følgje med på trendar og utviklinga i marknaden. Eit døme på eit grep vi har tatt dei seinare åra er doblinga av utvalet i garnavdelinga vår, ein konsekvens av oppsvingen som har vore i samfunnet innan strikking. Årsaka til at vi har tatt inn litt fleire produkt enn kle og sko er for å gje kundane eit litt breiare utval. Vi må tørre å forandre på det vi har, både med tanke på klesmerke og produktutval elles. Om vi stagnerer vil kundane miste interessa, men om det dukkar opp nye produkt og produktgrupper med jamne mellomrom er det forhåpentlegvis litt kjekkare å stikke innom.

Den største endringa for Manufakturen og mange andre klesforretningar dei seinare åra har vore inntoget til netthandelen. Nettet utfordrar, men Manufakturen svarar med noko nettet aldri kan gi. Menneskeleg kontakt.

– Konsekvensane av netthandel og anna handelslekkasje er noko vi kjenner på dagleg. Vårt svar er å sjå kundane våre, og vi forsøkjer å gje dei ei betre handleoppleving enn det dei kan få nokon anna stad. Vi kjenner mange av dei som handlar hos oss, og kan gje råd ut frå kjennskap til deira smak og tidlegare kjøp. Vi er også svært opptatt av å tilby god kvalitet på produkta våre, og vere fleksible med tanke på retur og reklamasjon.

Meir turisme = meir handel

For Manufakturen er det naturleg nok dei fastbuande som står for størsteparten av handelen, men tilreisande spelar også ei viktig rolle i den totale omsetninga i løpet av eit år.

– Handel frå tilreisande har utvilsamt ein innverknad på botnlinja vår. Grep som legg til rette for meir turisme i Høyanger vil og kunne føre med seg positive effektar for oss, og sikkert mange andre innanfor detaljhandel og tenesteyting lokalt. Vi opplev ofte i sommarmånadane at turistar som har kjørt ned til sentrum for å ete eller ta ein pause frå køyringa stikk innom oss. Om vi kan utnytte gjennomgangstrafikken betre, eller kan legge til rette for at turistar brukar meir tid i Høyanger, vil det utvilsamt styrke den lokale handelsstanden.

Kundane våre er i hovudsak lokale, men i sommarmånadane har turistar og tilreisande stor innverknad på omsetninga.

Meir turisme er i følgje Åse Randi ein måte å styrke næringsgrunnlaget til butikkar som Manufakturen på, ein anna er å skape meir aktivitet i sentrum retta mot dei fastbuande.

– Kanskje HNU kan ta ei koordinatorrolle på dette området, og hjelpe oss med å skape meir aktivitet saman? Det er kjekt å vere med på å skape litt liv og røre, men vanskeleg for kvar einskild å finne tid og ressursar i ein travel kvardag til å ta initiativ og koordinere ulike påfunn.

På spørsmål om gjengen på Manufakturen har nokre spesielle håp eller ønskjer for framtida er svaret fortsatt drift. Dei håpar på å kunne fortsetje som ein butikk for alle med eit spanande vareutval, og vere berekraftige i 100 år til. Minst!

– Eg trur vi vil få eit veldig utarma lokalsamfunn utan ein levande handelsstand i Høyanger, og det er fleire som er i same situasjon som oss. Vi har ikkje råd til å miste nokon av butikkane eller tenesteytarane som er i sentrum i dag, både med tanke på trivsel og arbeidsplassar, så vi ser positivt på alle tiltak som kan styrke det felles næringsgrunnlaget vårt.

Vi er veldig takknemlig for alle dei faste kundane vi har. Det er så kjekt når dei stikk innom uansett om det er for å handle, sjå etter nyheiter, eller berre vil slå av ein prat. Men vi ønskjer sjølvsagt også nye kundar hjarteleg velkommen!